Helsefagelevar på utplassering i London

Norske elevar på vg2 helsearbeidarfag har for første gong vore utplasserte i London. Ei gruppe elevar frå Dale og Øyrane vidaregåande skular hadde to veker arbeidsutplassering i London i mars.

Dette var eit Leonardo da Vinci-prosjekt i samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og ADC College i London. Etter fullførd praksis fekk elevane eit Europass som dokumentasjon på arbeidsutplasseringa.

Fire elevar elevane og ein lærar frå Dale vidaregåande skule reiste saman med fem elevar og ein lærar frå Øyrane vidaregåande skule.

Annleis organisering enn i Noreg

Dei fleste elevane var på institusjonar for demente eldre. Dette kan best samanliknast med omsorgsbustader og dagsenter i Noreg. Nokre av institusjonane hadde òg pasientar som hadde behov for meir heilskapleg omsorg, stell og pleie, men tenestetilbodet var likevel ikkje tilrettelagt slik vi kjenner drift av ein sjukeheim her heime. Arbeidsplassane var ein kombinasjon av private og offentlege. Dei som har pengar, må betale for hjelpa dei får. Dei som ikkje har pengar, får dekt nødvendig stell og pleie av det offentlege.

Nokre av institusjonane likna norske sjukeheimar i utforming, og nokre var private hus. Alle pasientane vi var i kontakt med hadde eigne rom. Dei fleste tilsette var ufaglærde med litt intern opplæring. To av institusjonane hadde ein sjukepleiar på dagtid, elles vart lege og sjukepleiar tilkalla ved behov.

Budde på studentheim

Første dag møtte vi opp på ADC College for å få informasjon om arbeidsutplasseringa, og for å lære korleis vi skulle nytte offentleg transport for å komme fram til eigen arbeidsplass. Nokre av oss var utplasserte med ein medelev, nokre var åleine. Det er ADC som finn aktuelle arbeidsplassar i London.

Under opphaldet vårt budde vi på ein studentheim kalla ”Stay Club”, der det også var mange studentar frå andre land. Elevar som får delta på slik utplassering får dekt alle utgifter unnateke mat og privat forbruk.

Utplasserte på ulike institusjonar

Line Haugland var utplassert på ein institusjon som heiter Mereswort, det det var både faste plassar for demente og dagpasientar.

– Regelverket var veldig «stramt» på denne institusjonen, så eg fekk ikkje gjere så mykje. Det gjekk for det meste i å snakke med pasientane, spele spel med dei og servere dei middag og te. Det var ei utruleg koseleg dame som var min kontaktperson, veldig snill med pasientane, ho var alltid der for dei. Dette synest eg har vore ei utruleg stor oppleving, og veldig lærerikt, seier Line.

Iris mari Andreassen Nordbotten var utplassert på Sedra Nursing Home saman med ei jente frå Øyrane vidaregåande skule. Sedra Nursing Home er ein privat institusjon, der pasientane er demente.

– Kvar morgon møtte vi opp kl. 8 og var med personale på rapporten, og vidare hjelpte vi til med å mate pasientane før dei stod opp. Etter morgonstellet var nesten alle pasientane samla nede i stova der vi kasta ball, teikna og spelte domino.

Mette Mjåseth jobba på Clarendon House. Arbeidstida der var frå ni til fem, som er ein vanleg arbeidsdag i England.

– Der eg jobba var det seks pasientar, tre menn og tre kvinner. Dette er ein privat institusjon, med ein sjef og fire andre arbeidstakarar. Ingen var helsefagutdanna. Sjefen og sonen hans budde i lag med pasientane heile døgnet. Dei har drive denne bedrifta i 19 år. Eg likte meg godt der. Det er jo noko heilt anna enn her i Noreg, men likevel er det deira måte å gjere ting på. Spennande og lærerike opplevingar, seier Mette.

Victoria Gauksrud hadde praksis på Seymor House residental care home. Denne ligg i Northwood.

– Eg hadde litt forskjellige oppgåver, blant anna så mata eg faste pasientar, spelte spel med dei, hjelpte dei på WC, fann drikke til dei og snakka med dei. Jobbtida mi var ni til fem, og det var lange, men kjekke dagar. Eg fekk god kontakt med pasientane, og merka det ikkje var så veldig kjekt å reise frå dei, seier ho.

Fritid i London

Utanom arbeidstida fann elevane frå Dale og Øyrane på mykje kjekt saman, som å shoppe på Oxford Street, gå på restaurant og Westfield. Vi var òg på musikalen Lion King. Det var ei stor oppleving.

Søndag reiste vi til sentrum av London. Vi var på forskjellige kjende opplevingar som vokskabinettet Madame Tussauds, London Eye, London Dungeon og Florence Nightingale-museet. London Dungeon er eit historisk skrekkmuseum, med artige presentasjonar om Londons historie. Dette vil vi verkeleg anbefale til dei som likar historie og litt skrekk. Florence Nightingale er eit museum om den første kvinnelege sjukepleiaren som fekk sett søkelyset på rett hygiene og det å sjå heile mennesket i sjukepleiefaget.

Dette er noko vi verkeleg kan anbefale andre elevar på helsearbeidarfag å prøve. Det har vore særs lærerikt i høve haldningar, kommunikasjon og samfunnsstruktur. London er ikkje meir enn to timar reise med fly. Likevel opplever vi at helsetenestene til eldre demente er så forskjellig i Noreg og London. Dette er læring for livet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00