Helse-, miljø og livsstil hjå barn og unge

Statistikken under viser prosentandelar frå prosjektet Helse-, miljø og livsstil som er eit langsgåande prosjekt med gjentekne kartleggingar av elevar frå 6. til 12. klassar i Sogn og Fjordane (+ ein kommune på Sunnmøre) med start i november 2011. Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkeskommunen, skulehelsetenesta, skulane og ei forskargruppe (prosjektleiar er professor Eivind Meland ved Inst. for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen. Fylkeskommunen har bidrege økonomisk til prosjektet. Føremålet med prosjektet er både å skaffe data til bruk i lokale oversikter over folkehelseparametrer og å skaffe materiale til vitskapelege prosjekt. Prosjektet har godkjenning frå den Regionale Forskningsetiske Komite (REK).

Eit utval av resultata i høve lokale oversikter er publiserte her i Fylkesspegelen. Ein god del av spørsmåla i kartlegginga er identiske med WHO sine internasjonale kartleggingar (HBSC: Health Behaviour In School-Aged CHILDREN) som er publisert for siste kartlegging 2009/2010. Denne omfattar over 200 000 elevar i 39 land herunder også eit større og representativt materiale frå Noreg. Dette gjer det mogeleg å samanhalde einskilde av resultata frå Sogn og Fjordane både med nasjonale (Noreg) og gjennomsnittet av internasjonale (WHO) undersøkingar.

Men slike samanlikningar lagar utfordringar knytt til tolking og konklusjonar ut frå dei presenterte prosentandelane. Samla sett har 68 % av alle elevar i 6. og 8. klassar (11år/13år) frå 25 av kommunane delteke. Dette er då eit betydeleg materiale som kan gje grunnlag for å samanhalde med forholda nasjonalt og internasjonalt i 2009/2010. Men når ein kjem ned på kommunenivå blir utfordringane knytt til samanlikningar langt større. Mange av kommunane i fylket er små og talet på elevar tilsvarande lite. Presentasjonane er på linje med WHO delt i kjønn og aldersgrupper. Der dette gjev mindre enn 5 elevar i kvar gruppe blir resultata presentert for begge kjønn samla. Likevel betyr det at ein einskild elev på kommunenivå kan representere opptil 20% av den oppgjevne andelen. Dette betyr at ein må være forsiktig med tolkinga av forskjellar, sjølv om dei kan sjå store ut. Samla sett er deltakinga ved kartlegginga i Sogn og Fjordane bra og på linje med WHO sine. Men når vi kjem ned til kommunenivå vil deltakingsprosenten også variere, noko som også må mane til varsemd i høve tolking og samanlikning. Dette fordi det ofte ikkje er tilfeldig kven som ikkje deltek i slike undersøkningar, slik at lav deltaking kan bety at resultata hellar meir i positiv retning enn det som er verkelegheita i den aktuelle kommunen. Kommunar med under 60%-deltaking er difor markert med *.

For kommunar og instansar som ønsker meir detaljar knytt til resultat kan få desse ved å henvende seg til prosjektdeltakar Hans-Johan Breidablik tlf. 90182853.

Heile undersøkinga finn ein på Samhandlingsbarometeret

Sjølvopplevd helse svært god

Sjølvopplevd helse svært god. Kjelde: SamhandlingsbarometeretResultatet er henta frå spørsmålet «Kva meiner du om di eiga helse no for tida? Den er ...:?» I utrekning av prosent for spørsmålet "sjølvopplevd helse svært god" er det oppgitt svarprosent for dei respondentane som har brukt svaralternativ 1 - "den er særs god".

Sjølvopplevd helse ikkje heilt god/dårleg

Sjølvopplevd helse ikkje heilt god/dårleg. Kjelde: SamhandlingsbarometeretResultatet er henta frå spørsmålet «Kva meiner du om di eiga helse no for tida? Den er:?» For spørsmålet "sjølvopplevd helse ikkje heilt god/dårleg" er det oppgitt samla svarprosent for dei respondentane som har brukt svaralternativ 3 - "ikkje heilt god" og 4 -"dårleg".

BMI (Body mass index), kg/m2

BMI (Body mass index), kg/m2. Kjelde: SamhandlingsbarometeretBMI er lik kroppsmasseindeks, og er basert på formelen vekt(kg)/høgde(m2). Utrekninga er basert på sjølvopplyst høgde og vekt, ikkje objektive målingar, og det er oppgitt gjennomsnittsverdiar for elevar som har gitt opp både høgre og vekt. Om lag 25% av skjema manglar opplysningar om både høgde og vekt. Dette er på nivået eller litt over WHO og nasjonale målingar (18-26%).

BMI er eit vanleg brukt mål på normalvekt, under- og overvekt. For barn og unge gjeld andre normalverdiar enn for vaksne. WHO har laga eigne tabellar for 5 - 19 år.
For gutar 11 ½ år er medianverdien 17,2. For gutar 13 ½ år er medianverdien 18,6.
For jenter 11 ½ år er medianverdien 17,6. For jenter 13 ½ år er medianverdien 19,2.

WHO oppgjev i sin rapport (Health behavior in school-aged children international report from the 2009/2010 survey) andelar av barn/unge som som har ein standarddeviasjon (SD) over WHO sin medianverdi.
Andelar (%) som har 1SD+ frå WHO, Noreg og Sogn og Fjordane:
Gutar 11 ½ år : 28 (WHO), 21 (Noreg) og 20 (Sogn og Fjordane).
Jenter 11 ½ år: 18 (WHO), 12 (Noreg) og 14 (Sogn og Fjordane).
Gutar 13 ½ år: 24 (WHO), 19 (Noreg) og 19 (Sogn og Fjordane).
Jenter 13 ½ år: 14 (WHO), 11 (Noreg) og 15 (Sogn og Fjordane).

Opplever seg overvektig eller alt for overvektig

Opplever seg overvektig eller alt for overvektig. Kjelde: SamhandlingsbarometeretOm indikatoren "Opplever seg overvektig eller alt for overvektig": Resultatet er henta frå spørsmålet Kva synest du om kroppen din? i undersøkinga Helse, miljø og livsstil blant skuleelevar.

For indikatoren "Opplever seg overvektig eller alt for overvektig» er det oppgitt samla svarprosent for dei respondentane som har brukt svaralternativ
4 - "litt for tjukk" og
5 - "alt for tjukk".

Fysisk aktivitet minst ein time dagleg

Fysisk aktivitet minst ein time dagleg.Kjelde: SamhandlingsbarometeretResultatet er henta frå spørsmålet «I løpet av dei siste 7 dagane. Kor mange av desse dagane var du fysisk aktiv i minst 60 minuttar per dag?» i undersøkinga Helse, miljø og livsstil blant skuleelevar.
Det er oppgitt svarprosent for svaralternativ 7 - "7 dagar".

Kjelde alle figurane: Samhandlingsbarometeret

Relevante lenker:
Samhandlingsbarometeret

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette