Helse Førde held nye kurs for treningskontakter

På nytt vert det kurs for treningskontaktar i regi av Helse Førde. Kursa vert halde i Sogndal og Førde i januar 2009

Helse Førde har hatt stor suksess med treningskontakt arbeidet sitt. I Sogn og Fjordane er det utdanna nærare 350 treningskontaktar sidan oppstarten i 2002. Atle Skrede og Harald Munkvold ved psykiatrisk klinikk, har i tillegg halde treningskontaktkurs i mange andre fylke.

Kurset gjev grunnleggande kompetanse i å arbeide med fysisk aktivitet og friluftsliv i høve ulike diagnosegrupper. Treningskontakten si oppgåve er oppfylgjing av pasienten til treningar og aktivitetar.

Kursa er støtta økonomisk av fylkesplanprogrammet "Folkehelse og livsutfalding"

Sjå annonse og kontaktinformasjon

Del dette:

Relaterte lenker