Held fram som fylkesrådmann

Eit samrøystes fylkesting vedtok i dag 19. oktober å utvide åremålsstillinga til fylkesrådmann Jan Øhlckers fram til 1. mars 2012.

– Eg er glad for å få halde fram arbeidet, det er mange spennande oppgåver å arbeide med, og eg takkar for tilliten, seier Jan Øhlckers.

Åremålsstillinga til fylkesrådmannen går eigentleg ut i februar 2011, men han har blitt oppmoda av fylkesordføraren om å halde fram eitt år til. Fylkesordførar Nils R. Sandal grunngjev dette med at Sogn og Fjordane fylkeskommune står midt oppe i gjennomføringa av fleire utfordrande oppgåver, der det er ønskjeleg å ha kontinuitet i den administrative leiinga.

Samrøystes

Jan Øhlckers har vore fylkesrådmann sidan 2006. Han fekk då tilbod om eit seksårig åremål, men ønskte sjølv at åremålsstillinga vart sett til fem år.

Fylkesordføraren har drøfta spørsmålet om forlenging av åremålet med organisasjonane for dei tilsette i fylkeskommunen, og desse stiller seg positive til å lata fylkesrådmannen halda fram i jobben eitt år til.
Det var eit samrøystes fylkesting som vedtok å utvide åremålsstillinga til fylkesrådmannen.

Del dette:

Relaterte lenker