Heile landet i djup sorg seier fylkesordførar Nils R. Sandal

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier at drapa på Utøya og bombeeksplosjonen i Regjeringskvartalet har sett heile landet i djup sorg. Det er eit alvorleg angrep på demokratiet og vårt opne samfunn.

Sandal føler med alle skadde og pårørande og er imponert over innsatsen til hjelpepersonell og myndigheiter av alle slag.

– Dette er ei uverkeleg tragedie som har ramma eit stort tal uskuldige. Eg vil uttrykke mi varmaste medkjensle til alle som er råka. Tapet av så mange engasjerte ungdommar vil prege oss lenge. Dei vil verte sårt sakna.

Del dette:

Relaterte lenker