Har fordelt 5,2 millionar til tettstadforming

Elleve søkjarar har fått til saman 5,2 millionar kroner til tettstadforming etter at hovudutval for plan og næring 16. mars fordelte tettstadmidlane for 2011. Mellom anna får Leikanger nesten to millionar kroner til sentrumsplassen, og Sogndal får ein halv million til fjordsti.

Til saman elleve kommunar får fylkeskommunale midlar til tettstadutvikling i 2011, og pengane skal gå til alt frå kulturhistorisk analyse og stadanalyse til gang- og sykkelveg og fjordsti.

Desse får støtte:

  • Leikanger får 1 920 000 kroner til sentrumsplassen
  • Førde får 500 000 kroner til elveførebygging, fiskesti og gang- og sykkelveg
  • Sogndal får 500 000 kroner til fjordsti
  • Eid får 160 000 kroner til kulturhistorisk analyse i Nordfjordeid sentrum
  • Vågsøy får 350 000 kroner til stadanalyse for Måløy
  • Naustdal får 150 000 kroner til stadanalyse med konseptutvikling for Sanden-området i Naustdal sentrum
  • Aurland får 94 800 kroner til stadanalyse i Undredal sentrum
  • Vik får 290 000 kroner til Badepark på Vikøyri
  • Bremanger får 484 000 kroner til fellesområde/-plass frå Bremanger Rådhus til sjøen
  • Fjaler får 450 000 kroner til park
  • Askvoll får 301 200 til prosjektet til prosjektet ”Sørvestpassasjen”

Sjå møteprotokollen for møtet i hovudutval for plan og næring 16. mars her.

Del dette:

Relaterte lenker