Har du forslag til eit idérikt bygdelag som bør få årets fylkespris?

Då bør du setje deg ned og skrive eit framlegg til kvifor nettopp dei bør få prisen for idérike bygdesamfunn.

Dei siste åra har prisen blitt utdelt til Fjærland bygdautval, Viksdalen bygdelag og Nordsida utviklingslag i Stryn.

Pris på 30.000 kr

Prisen for idérike bygdesamfunn vert gitt til bygdesamfunn som gjennom idérikdom, samarbeid og målretta arbeid har utvikla eit godt bumiljø med trivsel for folk i alle aldrar og/eller spennande og attraktive tilbod innbyggjarane og tilreisande i bygdesamfunnet. Det vert lagt vekt på om bygdesamfunnet er livskraftig og om tiltaka er nyskapande eller inneheld dristige idear som fremjar bu- og tiltakslystlyst. Prisen er på 30.000 kr og vert finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Delt ut på fylkestinget i desember

Det er hovudutval for plan og næring som avgjer kven som får prisen, etter at kandidatane er vurderte av styringsgruppa i Bygdeutviklingsprogrammet. Prisvinnarane får eit diplom og 30 000 kr til det vidare arbeidet sitt. Prisen vert delt ut på fylkestinget i desember, og grunngjevinga for tildelinga vert samstundes lagt fram av leiaren i hovudutvalet.

Framlegg til prisvinnar med grunngjeving og opplysningar om kandidaten kan du sende til:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Postboks 14
6801 Førde
eller på e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no

Fristen for å sende inn er 10.november 2014:

For meir informasjon, ta kontakt med:

Randi Erdal
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
E-post: randi.erdal@fylkesmannen.no
Telefon: 57 64 30 73

Joar Helgheim
Sogn og Fjordane fylkeskommune
E-post: joar.helgheim@sfj.no
Telefon: 415 30 955

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut