Hamner i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane har vi to stamnetthamner; Måløy hamn i Vågsøy kommune, og Florø hamn i Flora kommune. 

Figuren under viser lasta og lossa varer for dei to hamnene i 2015 fordelt etter type varer. Tala er for både innanriks og utanriks varetransport.

Gods over flora og måløy hamn.PNG
Tabell : Lasta og lossa varer ved Florø og Måløy hamn i 2017. Kjelde: SSb, tabell 08923.

 

I løpet av 2017 vart det lasta og lossa om lag 2,5 millionar tonn gods i stamnetthamnene i Sogn og Fjordane, noko som er ein nedgang frå 3,1 millionar gods i 2015. Stein, grus og andre mineralske byggematerial  er kategorien med flest lasta og lossa mengde. I tillegg vart det lasta og lossa totalt 3 550 000 tonn frå Bremanger hamn, der nesten alt var stein. Vidare viser rapportering at Hydro lasta og lossa 168 000 tonn gjennom Høyanger hamn og 888 724 tonn gjennom Årdal hamn tilbake i 2015.  

Hamnestrukturen i Sogn og Fjordane betener ulike formål. Det er totalt 46 hamner i fylket som er registrert som ISPS-hamner (International Ship and Port Security code). ISPS-koden er vedteken av FNs sjøfartsorganisasjon IMO for å betre tryggleiken for skip i internasjonal fart, og hamneanlegg som betener slike skip. Av ISPS-hamnene er 31 private, medan 15 er offentlege.

Det er registert 75 fiskerihamner i totalt 9 kommunar i Sogn og Fjordane. Solund, Selje, Flora og Bremanger står oppført med flest slike hamner.

I tillegg utgjer cruisehamnene som tener reiselivet i fylket ein viktig del av hamnestrukturen. I Sogn og Fjordane er det registrert fem cruisehamner i Cruise Norway sine statistikkar. Under viser ein oversikt over cruisehamnene med tal anløp for høvesvis 2015 og 2017:

Cruise-tabell.PNG
Tabell: Cruiseanløp og tal passasjerar for 2015 og 2017 ved cruisehamner i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00