Dagsturhytta på Leikanger ein fin haustdag i oktober. Hytta er svart og trekanta med store vindauge mot fjorden.
Dagsturhytta på Leikanger ein fin haustdag i oktober. Hytta er svart og trekanta med store vindauge mot fjorden.

Dagsturhytta på Eggjahaugane i Leikanger kom i oktober. Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Halvparten av dagsturhyttene på plass

13 av dei 26 planlagde dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er no plasserte ut på sentrale turmål i kommunane. Fleire hytter er på veg denne veka og i tida fram mot jul.

Dagsturhytta er eit turtilbod med låg terskel for heile familien. Hytta er om lag 15 kvadratmeter og utstyrt med sitjeplassar, hems og nynorsk turbibliotek. Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Her er hyttene

Dagsturhytta er no på plass i Aurland, Eid, Flora, Gloppen, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Stryn og Årdal. Hyttene i Selje og Vågsøy vert plasserte ut denne veka.

Hyttene i Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Gulen, Hyllestad, Naustdal og Solund kjem i november eller desember. Hyttene i Balestrand, Bremanger og Vik er utsette til våren 2019.

Ikkje alt er klart

Hyttene som har kome på plass i haust, er ikkje offisielt opna enno. Nokre er ikkje heilt ferdig monterte, og manglar til dømes trappetrinn og bøker. Dette kjem på plass etter kvart, og informasjon om opning blir sendt ut. Hyttene kan likevel vitjast og brukast som dei er.

Informasjon om kvar hyttene er eller kjem, og korleis du finn fram, vert lagt ut laupande på fylkeskommunen sine nettsider: sfj.no/dagsturhytta.

Del dette:

Kontakt

Atle Skrede
rådgjevar, fysisk aktivitet
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00