Gullringen, brikke i eit puslespel

Fylkespolitikarane stilte seg positive då Luster kommune i mai 2006 søkte om å få forskottere rassikringsprosjektet på fylkesveg 55 i Gullringen i Luster. Tysdag 15. juni 2010 kunne difor ordførar Torodd Urnes klippe snora som markerte vegen for opna, assistert av fylkesordførar Nils R. Sandal og avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

For fylkeskommunen markerte opninga at dei no har opna sin første tunnel etter at dei ved siste årsskifte vart eigar av det som tidlegare heitte riksvegar. Lenge har fylkesveg 55 ved Gullringen ved Skjolden vore ein av dei mest utsette strekningar for ras i Sogn og Fjordane.

Vegen har stadig vore stengd om vintrane på grunn av denne faren. Etter at fylkespolitikarane gav grønt lys for rassikringsprosjektet i 2006, har det gått fort framover. Luster kommune forskotterte kostnaden med 136 millionar kroner.

Steinmassar frå Gullringen er nytta til djupvasskai. Fylkeskommunen gjekk inn med eit tilskot på 10,5 millionar kroner til cruisekai i Skjolden. Den 25. august 2008 starta arbeidet med å reinske fjellet i Gullringen, og i månadskiftet februar/mars 2009 starta anlegget opp. Den 4. september 2009 kom gjennomslaget i den 1208 meter lange tunnelen, og på opningsdagen 15. juni 2010 kunne fylkesordførar Nils R. Sandal kalle innsatsen til Luster kommune for ”ein imponerande medverknad”.

– Det hadde ikkje vore mogleg å fullrøre dette prosjektet så raskt utan Luster kommune si forskottering. For meg er kvar opning av nye vegstrekningar som er sikra mot ras ei ekstra høgtid, for ras kan vi elles ikkje vegre oss mot, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes. Ho er også leiar for nasjonal rassikringsgruppe.

Interessante perspektiv

På kort sikt gir tunnelen gjennom Gullringen trygg veg året rundt for dei som bur i området. Endå ein stad i fylket slepp folk å kvi seg for å køyre. Difor vanka det også mange rosande ord til Statens vegvesen som byggherre.

Fylkesordførar Nils R. Sandal kom i helsingstalen inn på at Fylkesveg 55 også er ei av veglinene frå kysten til innlandet. Fylkeskommunen sin medverknad i prosjektet med cruisekai i Skjolden opnar nye moglegheiter for vegen mellom Luster i Sogn og Lom i Gudbrandsdalen over Sognefjellet.

Vegen vart opna i 1938 og fekk status som første turistveg i Noreg i 1997. I 2003 stod vegen ferdig opprusta som nasjonal turistveg, og avisa The Guardian har kåra vegen til ein av dei 10 vakraste sykkelturar i verda. Sognefjellet er spekka med opplevingar og historie. Henrik Wergeland gjekk fjellet i 1832 og Henrik Ibsen i 1862.

I Hervabui som ligg tett ved vegen med utsikt mot Fanaråken fekk Ibsen fortalt historier av fjellførar Sylfest Saude som seinare vart viktige deler av Peer Gynt, Brand og Naar de døde vaagner. Ved Turtagrø ligg hotellet som vart utgangspunkt for utviklinga av norsk fjellsport som fritidsaktivitet, og på Sognefjellshytta held elitelandslag i langrenn frå heile verda til når dei ligg i treningsleir.

Kvifor Gullringen?

Bak namnet Gullringen gøymer det seg ei segn, slik det ofte er tilfelle om namn på fjell og stader. Det var ein rise som sat i fjellet på sørsida av Lustrafjorden. Då han oppdaga gygra som heldt til på nordsida, tykte han ho var så tiltrekkande at han ville ha kontakt. Han tok difor sats og hoppa over fjorden. Der han landa fekk han tak med hendene og heldt seg fast. Gullringen på eine fingeren hengde seg fast i ei glurve eller sprekke i fjellet, og risen fekk han ikkje laus, så ringen vart hengande i fjellet der.

Soga vil seinare ha det til at det har vore forbunde med alvorleg straffedom å prøve å stele denne gullringen som fjellet fekk namnet etter. Ein svenske som prøvde seg på det då han var med å bygde gamlevegen på slutten av 1800-talet enda med å miste livet. Slik fortel soga, og så får vi tru det vi vil, men namnet Gullringen er like urokkeleg som fjellet, og tunnelen er vonleg fri forbanninga.

Del dette:

Relaterte lenker