Medaljevinnarar frå Sogn og Fjordane i skule-NM yrkesfag: Amalie Grindedal, Martine Linde Hauglund, Johanna P. Utvær. Smilande elevar med medaljar.
Medaljevinnarar frå Sogn og Fjordane i skule-NM yrkesfag: Amalie Grindedal, Martine Linde Hauglund, Johanna P. Utvær. Smilande elevar med medaljar.

Foto: Bente Vonheim (venstre) / Sogndal vgs

Gull og sølv til Sogn og Fjordane-elevar i yrkesfag-NM

Johanna P. Utvær frå Måløy vgs og Amalie Grindedal og Martine Linde Hauglund frå Sogndal vgs vann medaljar i årets skule-NM i yrkesfag. Vi gratulerer!

Skule-NM i yrkesfag vart arrangert for andre gong i 2018, og det vart konkurrert i 27 ulike fag. Finalane har vorte arrangert på ulike stader i landet dei siste vekene.

Johanna Magdeli Petterson Utvær frå Barmen i Selje er elev ved VG2 Kokk og servitør ved Måløy vidaregåande skule. Ho vann gull i kokkefaget under tevlinga i Trondheim 26. april.

Amalie Grindedal og Martine Linde Hauglund er elevar ved 2SSA ved Sogndal vidaregåande skule. Dei vann sølv under tevlinga i salsfaget i Hamar 12. april.

Her finn du alle vinnarane

Her ser du kven som tevla i skule-NM frå Sogn og Fjordane

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00