Foto av Vemund Eldegard som tek imot gründerprisen for ungdom 2017. Han held eit diplom, ein blomsterbukett og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.
Foto av Vemund Eldegard som tek imot gründerprisen for ungdom 2017. Han held eit diplom, ein blomsterbukett og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gründerpris for ungdom

Gründerprisen er ein årleg pris som skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner.

Gründerprisen for 2019 skal delast ut under møte i fylkestinget 24. april. Du kan no føreslå kandidatar.

Kriterium

Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra, og må vere lokalisert i fylket.

Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Eksempel kan vere:

  • Omsetnad
  • Arbeidsplassar
  • Offensiv nyskaping
  • Teknologisk nyskapande produkt
  • Kommersiell innretting av produkt
  • Utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
  • Funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
  • Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
  • Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
  • Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
  • Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Jury

  • Sigrid Alice Hovland, Innovasjon Norge
  • Magnus Brekke Nygaard, NHO Vestlandet
  • Randi Erdal, Fylkesmannen i Vestland
  • Ingvild Andersen, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tidlegare vinnarar

2017      Elde Cosmetics
2016      REMB Technologies
2015      SGN Skies
2014      Sogndal Lodge Guiding
2013      Back to Start
2012      Yast, nLink og Rocketfarm
2011      Videonor
2010      LocalHost
2009      AskAdam
2008      Stadt Surf School
2007      Moods of Norway
2006      Byks

Skjema for å føreslå kandidatar

Du kan nominere deg sjølv/di eiga bedrift eller nokon andre. Juryen kontaktar dei som blir nominerte for å få utfyllande informasjon.

Frist for nominasjonar: 21. mars 2019

Kontaktinformasjon til deg som nominerer




Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ingvild Andersen
rådgjevar
Ingvild.Andersen@sfj.no
​952 89 291

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00