Grøn inspirasjon

Barnehage i Årdal vann fargerik fest frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG), ynskjer gjennom sitt konsept «5 om dagen-barnehage» å motivere og inspirere alle barnehagar til å auke tilgjenge av grønsaker og frukt.

Ein av barnehagane som har blitt inspirert er Ve Barnehage i Øvre Årdal. Dei vart 5 om dagen-barnehage i haust og har laga ein rapport om korleis satsinga har utvikla seg. Av dei barnehagane som sendte inn rapport, vart Ve Barnehage trekt ut som vinnar av «fargerik fest» i Sogn og Fjordane.

Fargerik haustfest

Ein representant frå OFG var tysdag 4. november på besøk i Ve Barnehage, saman med folkehelserådgjevar Gry Takvam frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Her blei det laga ein fargerik haustfest for dei eldste borna i barnehagen.

– Vi er veldig opptekne av kva som blir servert og vi har hatt stor glede av å vere ein 5 om dagen-barnehage. Materiellet og kompetansehevingskurset er flittig i bruk, seier pedagogisk leiar, Ine Hillestad Aannevik.

– Inspirerte

For Aannevik og resten av barnehagen har det vore til stor inspirasjon.

– Vi har blitt inspirerte til å arbeide vidare med fokuset på kosthald. Det er kjempekjekt å bli gjort stas på, seier ho.

For borna i barnehagen var det spanande å sjå på alle fargane og smakane som vart laga av grønsaker og frukt. Slangeagurk, sukkererter, lilla gulrøter og supersmoothie med brokkoli og blåbær var noko av det som gjekk ned på høgkant.

Viktig arena for smarte vanar

Barnehagar er ein svært viktig arena for helsefremjande arbeid. Undersøkingar har vist at «vanen» er ei av de viktigaste drivkreftene for å ete frukt og grønt. Dei som blir vant til å ete frukt og grønt i ung alder et også meir seinare i livet.

Kvart barn et om lag 3000 måltid i løpet av livet i barnehagen, då er det lett å forstå kor viktig denne arenaen er for eit godt kosthald.

– Om OFG kan bidra til at desse måltida blir litt grønare og at borna blir vant til å ete meir grønsaker og frukt, er det bra for folkehelsa og for gode vanar gjennom hele livet. Og ikkje minst; det blir lettare å nå måla om 5 «nevar» med frukt og grønt kvar dag. Vi har mykje å gå på. Per i dag et me berre litt over halvparten av desse, seier Toril Gulbrandsen frå OFG.

Utfordrar barnehagane

Folkehelserådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Gry Tokvam, viser til at 5 om dagen-konseptet er eit godt verktøy for å påverke til gode matvanar.

– Alle treng vi inspirasjon i kvardagen og slår eit ekstra slag for meir grønsaker og fleire fargar på bordet. Alle barnehagane i Sogn og Fjordane er hermed utfordra til å bli med, seier ho.

Det er heilt kostnadsfritt å delta.

Her kan du bli med.

Del dette:

Relaterte lenker