Fylkesordførar Åshild Kjelsnes sitjande ved pc-en på kontoret sitt. Ho har på seg raud og svart gensar, raud neglelakk og ei perlekjede og sit med eit vindauge i bakgrunnen. Foto: Oskar Andersen
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes sitjande ved pc-en på kontoret sitt. Ho har på seg raud og svart gensar, raud neglelakk og ei perlekjede og sit med eit vindauge i bakgrunnen. Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Gratulerer NCE Subsea

NCE Subsea, som etablerte seg i Florø i fjor, har no fått utmerkinga «Global Centre of Expertise». Fylkesordførar Åshild Kjelsnes gratulerer, og håpar dette kan føre til auka subseaaktivitet i fylket.

– Utmerkinga Global Centre of Expertise er ei stor fjør i hatten til arbeidet som NCE Subsea har drive sidan starten i 2006, seier Kjelsnes.

Håpar på auka aktivitet

– Vi vonar mellom anna at dette skal resultere i auka subseaaktivitet i regionen vår. Det kan igjen gi gode utsikter til spanande oppgåver, mellom anna for dei som i dag utdannar seg til ingeniørar innan faget, seier fylkesordføraren.

Kjelsnes meiner vidare at det er viktig å ha kompetansemiljø med spydspissar som GCE-statusen er – spesielt i dei utfordrande tidene vi ser i petroleumsbransjen no.

– Nettopp no er det viktig å fronte kunnskap og forsking både i bransjen og som bindeledd til andre bransjar. I dette bildet er subseateknologien svært viktig, slår ho fast.

Einaste som får statusen i år

NCE Subsea har hovudkontor på Ågotnes utanfor Bergen. For vel eitt år sidan etablerte senteret seg for første gong utanfor Bergensregionen – i nettopp Florø. Fylkeskommunen har støtta opp om etableringa gjennom petroleumsrådet.

Fredag 12. juni kunngjorde næringsminister Monica Mæland og kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner at NCE Subsea var den einaste kandidaten som i år får bli ein del av GCE-programmet.

Det er Innovasjon Norge, Forskingsrådet og SIVA som avgjer kven som får GCE-status.

Les meir på nettsida til NCE Subsea.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar 
918 88 568
ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00