Foto som syner ein som sit og les til eksamen. Han sit bøygd over skrivepulten og har på seg grå gensar og briller. På bordet framfor seg har han fleire bøker, ei notatbok og ein pc. Foto: Stein Halvor Halvorsen, www.flickr.com
Foto som syner ein som sit og les til eksamen. Han sit bøygd over skrivepulten og har på seg grå gensar og briller. På bordet framfor seg har han fleire bøker, ei notatbok og ein pc. Foto: Stein Halvor Halvorsen, www.flickr.com

Foto: Stein Halvor Halvorsen, www.flickr.com

Gratis vidaregåande opplæring for vaksne

Det vert oppstart av gratis vidaregåande opplæring for vaksne i barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsefagarbeidarfaget og service og samferdsel i januar 2017.

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin. Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er plass.

Søknadsfristen for alle tre kursa er 30. desember. Du må søkje elektronisk på www.vigo.noVidaregåande opplæring for vaksne.

Desse faga har oppstart i januar 2017

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget – programfaga

Opplæringa her byggjer på vg1. For å starte på vg2 må du ha gjennomført eit relevant grunnkurs eller vg1 (GK helse- og sosial/formgjeving før 2006, vg1 helse og oppvekst/design og handverk etter 2006), eller ha tilsvarande realkompetanse. Du får standpunktkarakterar i faga, og avsluttar med tverrfagleg praktisk/munnleg eksamen.

I tillegg til programfaga, treng du faget yrkesfagleg fordjuping. Dersom du dokumenterer minimum 526 timar med praksis frå t.d. barnehage, SFO eller assistent i skule, kan du fritakast frå dette. Dersom du ikkje har nok praksis til å få godkjend faget yrkesfagleg fordjuping, vil du òg få opplæring i det faget i form av utplassering i relevant praksisplass.

Vg2 helsearbeidarfaget – programfaga

(Denne opplæringa vert sett i gang med atterhald om tilsetjing av lærar)

Opplæringa her byggjer på vg1. For å starte på vg2 må du ha gjennomført grunnkurs helse- og sosial frå før 2006, vg1 helse og oppvekst etter 2006 eller ha tilsvarande realkompetanse. Du får standpunktkarakterar i faga og avsluttar med tverrfagleg praktisk/munnleg eksamen.

I tillegg til programfaga, treng du faget yrkesfagleg fordjuping. Dersom du dokumenterer minimum 526 timar med praksis frå t.d. pleie, heimebasert tenester eller liknande,  kan du fritakast frå dette. Dersom du ikkje har nok praksis til å få godkjend faget yrkesfagleg fordjuping, vil du òg få opplæring i det faget i form av utplassering i relevant praksisplass.

Gjeld for begge opplæringane

Inntakskrav: Fullført relevant vg1, eller realkompetanse

Fysiske samlingar kombinert med nettundervisning – samlingar etter avtale med deltakarane ca. 2–3 gonger i månaden.  Undervisninga blir på Skei og avsluttast i desember 2017.

Er du praksiskandidat?

Opplæringa i vg2-faga kan òg vere aktuell dersom du har mange års praksis i faget og ynskjer å gå opp som praksiskandidat. Då kan du hospitere i programfaga og melde deg opp til skriftleg privatisteksamen på vg3-nivå. Sjå meir om praksiskandidatordninga her.

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er den samla kompetansen den vaksne har tileigna seg gjennom arbeidsliv, organisisjonar, fritid osv. Realkompetansevurdering har som føremål å anerkjenne den vaksne sin kompetanse vurdert etter læreplanen for faget, uavhengig av kvar og korleis kompetansen er tileigna. Vurderinga vert gjennomført som ein fagsamtale med ein fagperson, der den vaksne får syne kva han/ho kan i høve læreplanmåla i faget.

Vg1 service- og samferdsel – programfaga

(Denne opplæringa vert sett i gang med atterhald om tilsetjing av lærar)

Opplæringa er grunnlag for vg2 sal, service og tryggleik, vg2 IKT servicefag, vg2 reiseliv og vg2 transport og logistikk. Aktuelle fagbrev kan vere kontor- og administrasjonsfaget, salsfaget, logistikkfaget og reiselivsfaget.

Du får standpunktkarakterar i faga. Ingen eksamen på vg1-nivå.

I tillegg til programfaga, treng du faget yrkesfagleg fordjuping. Dersom du dokumenterer minimum 210 timar med praksis frå relevant vg3-fag, kan du fritakast frå dette. Dersom du ikkje har nok praksis til å få godkjend faget yrkesfagleg fordjuping, vil du òg få opplæring i det faget i form av utplassering bedrift.

Inntakskrav: Norsk grunnskule, eller minimum 9 års grunnskule frå utlandet (eller tilsvarande realkompetanse). Opplæringa vert organisert med fysiske samlingar kombinert med nettundervisning – tidspunkt for samlingane etter avtale med deltakarane, 3–4 gonger i månaden. Undervisninga blir høgst sannsynleg i Florø/Førde-området og vert avslutta i juni 2017.

Søknadsfrist for opplæring i andre fag

Dersom du ynskjer anna opplæring frå hausten 2017, send søknad innan 1. mars.

Dersom du har søkt tidlegare, gje oss melding dersom du framleis er interessert.

Ynskjer du meir rettleiing?

Ta kontakt på telefon 57 63 83 09 eller 57 63 80 24.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00