Gratis vidaregåande opplæring for vaksne – søknadsfrist 10. juni

Vi tilbyr frå hausten 2014 gratis vidaregåande opplæring for vaksne både i fag til generell studiekompetanse og i yrkesfag.

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne utan rett kan òg få opplæring så langt det er plass på kurset, men dei vert prioriterte etter vaksne med rett.

Du kan søkje om plass på opplæringa på www.vigo.no – vaksenopplæring/realkompetansevurdering. Søkjarar som allereie har registrert seg, treng ikkje søkje på nytt.

Søknadsfristen er 10. juni 2014.

Deltakarane får låne lærebøker og kan òg få låne datamaskiner ved behov.

Vi tilbyr opplæring i desse faga hausten 2014 (klikk på faga for meir informasjon)

  • Yrkesfaglege kurs

    1. vg1 helse- og oppvekst / vg2 helsearbeidarfaget – programfag
    2. vg1 service og samferdsle / vg2 transport og logistikk
  • Praksiskandidatkurs

    1. Barne- og ungdomsarbeidarfaget i Florø og Dale
    2. Helsearbeidarfaget i Nordfjord

Ynskjer du personleg rettleiing?
Karriere Sogn og Fjordane har open dag ved NAV Førde tysdag 3. juni 2014 kl. 10.00–14.00 for rettleiing/spørsmål om vaksenopplæring. Velkomen innom!

For meir informasjon

gå inn på www.karrieresfj.no eller kontakt

  • Heidi Karin Ekehaug, karriererettleiar, Førde, tlf. 415 30 606
  • Brit Elin Fossøy, karriererettleiar, Sogndal, tlf. 415 30 935
  • Stein Inge Strøm, karriererettleiar, Nordfjordeid, tlf. 928 93 547
  • Randi Linda Kyrkjebø, karriererettleiar, Dale, tlf. 906 19 033

Meir informasjon om faga

  • Andre yrkesfag
    Dersom du ynskjer opplæring innan andre yrkesfag, kan du òg registrere deg på www.vigo.no – vaksenopplæring, med ønskt sluttkompetanse. Søknadene vert behandla kontinuerleg, realkompetansevurdering og opplæring vert gjennomført etter behov.
    Ingen søknadsfrist.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00