Foto som syner to unge jenter i ein klatrepark. Dei er sikra med selar og wirar, og har på seg hjelm. Dei står på ei plattform som eg bygd litt oppe i eit tre. Foto: 4H Rogaland/www.flickr.com.
Foto som syner to unge jenter i ein klatrepark. Dei er sikra med selar og wirar, og har på seg hjelm. Dei står på ei plattform som eg bygd litt oppe i eit tre. Foto: 4H Rogaland/www.flickr.com.

Klatreparkar er gode døme på nærmiljøanlegg, som skal få folk ut og i fysisk aktivitet i nærmiljøet sitt. Foto: 4H Rogaland/www.flickr.com

Gratis spelemiddelkurs

Vil du etablere eit anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller vidareutvikle eit kulturbygg, men treng finansiering? Bli med på spelemiddelkurs i august.

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer gratis spelemiddelkurs i Stryn, Florø, Lærdal og på Skei i august. Kurset er på kveldstid og varer i tre timar. Kurset tek føre seg krava for å få ein spelemiddelsøknad godkjend.

Spelemidlane er overskot frå Norsk Tipping, som vert fordelt til blant anna

  • idrettsføremål
  • nærmiljøanlegg som klatreparkar, sandvolleyballbaner m.m.
  • friluftslivsanlegg som blant anna turstiar og sanitæranlegg
  • kulturbygg, både lokale og regionale

Sogn og Fjordane har god dugnadsånd med tradisjon for å sende inn mange søknadar om spelemidlar. Årleg vert 250 søknadar sende inn for vurdering. Dei siste åra har fylkeskommunen arbeidd systematisk med kompetanseheving av søkjarar, og dette har gitt resultat i form av auke frå 25 millionar i 2012 til i underkant av 40 millionar i 2015. I år fokuserer vi også i større grad på søknadar om tilskot til kulturbygg, der krava til søknadane i stor grad er dei same som for anlegg til fysisk aktivitet.

Det vert kurs følgjande stadar i august

  • 18. august – Flora kulturhus kl. 17–20 (NB, endra tidspunkt)
  • 19. august – Fjaler kommunehus kl. 18.30–21 (Berre anlegg for fysisk aktivitet)
  • 25. august – Jølster kommunehus kl. 18–21
  • 26. august – Stryn kulturhus kl. 18–21
  • 31. august – Villakssenteret, Lærdal kl. 18–21

Påmelding

Fyll ut påmeldingsskjema

Kontaktperson

Fysisk aktivitet
Atle Skrede
Rådgjevar, kulturavdelinga
E- post: atle.skrede@sfj.no
Mob: 415 30 716

Kulturbygg
Guro Høyvik
Rådgjevar, kulturavdelinga
E- post: guro.hoyvik@sfj.no
Mob. 415 30 608

Del dette:

Relaterte lenker