Foto av eit blått Tollpost-vogntog i fart langs vegen.
Foto av eit blått Tollpost-vogntog i fart langs vegen.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen.

Godstransport

På landsbasis har den handelen med internasjonale marknader auka raskare enn både verdiskaping og vareproduksjon. Internasjonal handel over stadig lengre avstandar har ført til at veksten i godstransport er større enn den økonomiske veksten

Det blir transportert om lag 500 millionar tonn gods i Norge per år. Totalt sett utførast 41 prosent av all innanriks transportarbeid på sjø, medan seks prosent transporterast på jernbane. Resten, 53 prosent, blir transportert på veg. Viss ein inkluderer utanrikstransport, det som vert kalla «samla transportarbeid på norsk område», utgjer sjøtransport 83 prosent av arbeidet. Dette grunna sjøtransporten sin dominerande rolle i utanrikshandelen.

Ei analyse av samansetting og utvikling i godstransportmarknaden viser at det har vore ein vekst i alle transportytingar for lastebiltransport. Transporteffektiviteten for lastebiltransporten, dvs. transportert gods per køyretøy, auka frå 1993 til 2001. Sidan 2001 har effektiviteten vore  nokså konstant. Tidsserieanalysar av utviklinga i lastebilens marknadsdel viser en vekst i godstransport med lastebil for (delar av) strekninga Oslo – Stavanger, Oslo – Bergen og Østfold – Bergen. For strekninga Oslo – Møre og Romsdal/Trondheim er det generelt ein reduksjon eller ein svak auke i godsmengde frakta med lastebil, avhengig av kva strekningar som er analysert.

Det kan være svakheiter i data- grunnlaget som er analysert, då dei viser utviklinga i transporterte tonn. Ei vriding i retning lettare gods vil føre til at veksten i lastebiltransport er underestimert. I korridoren mellom Stavanger og Trondheim samt for Nord-Norge er det ingen eintydig utvikling i lastebilen sine marknadsdelar.

For å identifisere kva korridorar som har reell konkurranse mellom veg, sjø og jernbanetransport har TØI teke utgangspunkt i ein soneinndeling av totalt 39 sonar. Denne soneinndelinga er nytta i tidlegare NTP-arbeid. Dei ulike sonene er grunnlag for 7 innanrikskorridorar:

  1. Oslo – Grenland – Kristiansand – Stavanger
  2. Stavanger – Bergen – Ålesund – Trondheim
  3. Oslo – Bergen/Haugesund (med arm via Sogn til Førde)
  4. Oslo – Trondheim (med armer til Ålesund, Kristiansund og Måløy)
  5. Trondheim – Bodø (med armer for stamveg- og jernbanesamband til svenskegrensen)
  6. Bodø – Narvik – Tromsø – Kirkenes (med arm til Lofoten og stamveg- og jernbaneforbindelse til grensene mot Sverige, Finland og Russland)
  7. Nord-Norge til Østlandet

Godsmengde og transportsamansetning i innanriks- og utanrikskorridorar som har innverknad på Sogn og Fjordane vert i det følgjande utgreidd:

Stavanger – Bergen – Ålesund – Trondheim

Innanrikskorridoren frå Stavanger til Trondheim har E39 som hovudfartsåre for vegtransport. E39 vert nytta som hovudfartsåre varer og utstyr som skal til, frå og mellom offshorebasane langs kysten. Jernbanetransport mellom Stavanger, Bergen og Trondheim må via Alnabruterminalen, noko som medfører ein stor avstandsulempe for jernbane. Forholda i korridoren ligger godt til rette for sjøtransport.

Stavanger - Bergen - Ålesund - Trondheim
Stavanger - Bergen - Ålesund - Trondheim

Stykkgodstransporten i korridoren Stavanger-Bergen vert i all hovudsak frakta med lastebil. Bulktransporten vert utført med skip. Jernbanetransport utgjer berre 2 prosent av voluma, noko som truleg er knytt til jernbana sine avstandsulemper i korridoren. Relativt store volum av bulkvarer samanlikna med stykkgodsvolumet medfører at sjøtransport har ein marknadsdel på 59 prosent. Vegtransporten fraktar 39 prosent. Voluma for stykkgods er størst mellom Stavanger og Bergen og mellom Møre og Trondheim. Det er mindre volum mellom ytterpunkta i korridoren.

Oslo – Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

Innanrikskorridoren frå Oslo til Bergen og Haugesund har i utgangspunktet fem alternative vegtrasear: E16 via Lærdal, rv. 50 Hol-Aurland, rv. 52 Hemsedalsfjell, rv. 7 over Hardangervidda og E134 over Haukelifjell. E134 over Haukelifjell vert i all hovudsak nytta til transport mellom Oslo og Haugesundsområdet. Rv. 52 over Hemsedalsfjellet er det vanlegaste vegvalet for tungtransport mellom Oslo og Bergen. Bergensbanen har Oslo og Bergen som endestasjoner, og har noko lengre tidsbruk mellom endeterminalene enn lastebiltransport. Sjøtransport mellom Oslo og Bergen har ein avstandsulempe versus landtransport, og vert brukt mest til store bulktransportar.

Sogn og Sunnfjord er samla under "Ytre Sogn" i figurane under.

Oslo - Bergen - Haugesund med arm til Florø
Oslo - Bergen - Haugesund med arm til Florø

Store volum av råolje frå Bergen til Tønsberg, raffinert petroleum frå Bergen til depot i Oslo og flytande gass frå Karmøy til Grenland dominerer korridoren Oslo – Bergen/Haugesund. Dette medverkar til den høge sjøtransportdelen i korridoren på 45 prosent. Jernbanen står svært sterkt på stykk- godstransporten mellom Oslo og Bergen med ein marknadsdel på om lag 75 prosent av alt gods. Transport til mellomliggande relasjonar utgjer eit mindre volum med lastebil som einaste transportløysing. Dette er for det meste stykkgods og noko tørrbulk, industrigods og raffinert petroleum. 

Oslo – Trondheim med armer til Ålesund, Kristiansund og Måløy

Nordfjord er inkludert under «Møre og Romsdal» i figurane under.

Innanrikskorridoren frå Oslo til Trondheim har to alternative trasear med E6 om Gudbrandsdalen og rv. 3 gjennom Østerdalen. På Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim bruker toget lenger tid enn lastebil på same strekning. Det er også ei jernbaneline gjennom Østerdalen. Denne er dieseldreven og vert brukt i all hovudsak til tømmertransport. Sjøtransport mellom Oslo og Trondheim har ein vesentleg avstandsulempe samanlikna med landtransport, og vert brukt i svært liten grad.

Oslo - Trondheim

Oslo - Trondheim

Korridoren Oslo – Trondheim har lite sjøtransport og  skil seg frå dei andre korridorane som er omtalt i denne analysen. Vegtransport er det dominerande transportmiddelet med 67 prosent. Jernbanetransport utgjer 32 prosent og sjøtransport 1 prosent.

På strekninga Oslo – Trondheim står jernbane sterkt, og har ein  marknadsdel på omlag 60 % av stykkgodstransportane. Jernbanedelen er lågare motsett veg med om lag 40 % og mellom Oslo og Møre og Romsdal, med om lag 40 prosent.  Låge marknadsdelar for Møre og Romsdal er forklart med at Åndalsnes er einaste jernbaneterminal i regionen. Det er 6 mil frå Åndalsnes til Molde og 12 mil til Ålesund og til Kristiansund. Dette gir lang distribusjonsdistanse for jernbanetransport. For desse to relasjonane er det retningsubalanse med meir frakt av gods ut av Oslo enn inn til Oslo. Skeiv retningsbalanse for lastebil kan truleg vere ei forklaring på kvifor  jernbanedelen er lågare i retning til Oslo enn frå. For mellomliggande relasjonar er lastebil einaste transportalternativ.

Godstransport på Vestlandet (Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland, Møre og Romsdal)

Våren 2018 gjennomførte konsulentselskapa Asplan Viak og NORCE ei stor godsundersøking på Vestlandet på oppdrag frå Statens vegvesen og fylkeskommunane i Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Rapporten kom ut hausten 2018 og er til no den største godsundersøkinga i Norgeshistoria.

Godsundersøkinga hadde to hovudmål som det vart rapportert på. For det første gir arbeidet ei skildring av status og utvikling for godstransporten på Vestlandet. Ved å gi meir og betre kunnskap om godstransporten vert det også eit viktig grunnlag for arbeidet med å legge til rette for ei meir effektiv og klimavenleg godstransport. For det andre gir rapporten eit innblikk i potensialet i overføring av gods frå veg til sjø, og kunnskap om aktuelle og moglege tiltak til å få til dette overordna nasjonale endringa i godstransport. 

Undersøkinga analyserer status og utvikling ved hjelp av tre deler; Bruk av statistiske data, djupneintervju med 25 informantar frå utvalde aktørar innan transport, samlast og vareeige, samt ei storstilt vegkantundersøking der 13 000 svarskjema vart besvart av lastebilsjåførar på 21 intervjustader over heile Vestlandet. I Sogn og Fjordane var intervjustadane Kjøs bru i Stryn kommune på rv.15, Førde ved rv.5/E39, Håbakken i Lærdal kommune langs E16 samt ferjesambanda Lavik - Oppedal og Anda - Lote, begge på E39.

Figurane under viser overordna funn frå rapporten, Godsundersøkelsen på Vestlandet. Figurane viser total mengde gods transportert fordelt på transportmiddel, transportmiddelfordeling mellom bane, sjø og veg, samt godsmengder på dei utvalde registreringsstadane på Vestlandet i samband med undersøkinga: 

Godsmengde 2010 til 2017.PNG
Transportmiddelfordeling, gods på vestlandet.PNG

Godsmengde transportert til og frå regionar på vestlandet.PNG

Inn og ut frå vestlandet, etter transportmåte og intervjustad.PNG

Vi ser at utviklinga viser ei lita dreiing av transportmiddelfordeling frå sjø til veg. Banetransport held seg relativt stabilt. Flytransporten har stor vekst, men utgjer svært små mengder av total godstransport. Elles viser godsrapporten av Sogn og Fjordane er eit relativt lite fylke i denne samanhengen, men at dømesvis Håbakken er eit punkt i fylket som har mest godsgjennomfart på Vestlandet.

 

Utanrikskorridor til Vestlandet

Vestlandet viser seg som ein svært eksportretta del av landet. Mykje av industrien lokalisert her produserer råvarer eller mellomprodukt. Utanrikshandel frå denne regionen utgjorde om lag 70 mill. tonn gods, der eksport av våtbulk utgjorde 52 mill. tonn i 2013. Av dette utgjorde råolje og raffinerte petroleumsprodukt frå Mongstad og Stureterminalen 48 mill. tonn. Ein relativ stor andel av stykkgodset vart frakta med lastebil (over 20%).

EU utanom Norden utgjer den desidert største eksportmarknaden for Vestlandet. Forklaringa er at eksport av petroleumsprodukt frakta med skip inngår, og at dei største importlanda av norsk petroleumseksport er Tyskland, Nederland og Storbritannia.

I 2013 vart 400 tusen tonn oppdrettsfisk produsert på Vestlandet, som tilsvarar 45 prosent av total-produksjonen i Norge. Litt over halvparten, om lag 1,4 mill. tonn av fangstmengda til fiskerinæringa vart landa i ei fiskerihamn eller eit fiskemottak på Vestlandet. Dette gjer Vestlandet til det viktigaste området for fiskeri- og oppdrettsnæringa i sum. Mykje av fisken blir eksportert, og med unntak av pelagisk fisk vert det meste frakta med lastebil, ferje og fly til destinasjonar utanlands.

 

 
 

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00