Godstransport på veg

For at næringslivet skal kunne bidra til ein meir klimavennleg godstransport bør Sogn og Fjordane i inneverande RTP-periode vere med på å legge til rette for ein teknologisk omstilling, samstundes som næringslivet ikkje mister konkurransekraft.

Mykje av transporten på vegnettet i Sogn og Fjordane er godstransport. Det er difor svært viktig at ein legg til rette for at også næringstransporten i fylket legg om til lav- og nullutsleppsløysingar. Dei føreslåtte nasjonale målsetningane seier at innan 2030 skal alle nye tyngre varebilar og 50 prosent av nye lastebilar vere nullutsleppskøyretøy.

Skal Sogn og Fjordane leve opp til dei nasjonale krava innan transport krev det ei storstilt omstilling og tilrettelegging som krev samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Fylkeskommunen bør vere ein pådrivar for å legge til rette for at innbyggjarar og næringsaktørar i fylket faktisk kan velje klimavennlege transportløysingar i nær framtid.

For tilstrekkeleg reduksjon av klimagassar innan næringstransport bør all godstransport verte meir klimavenleg. For å oppnå dette bør ein blant anna legge meir til rette for:

  • Overgang til biodiesel, biogass, hydrogen og fullelektrisitet for godstrafikk på veg.
  • Utvikle potensialet for meir bruk av modulvogntog ved godstransport på veg.
  • Godsoverføring frå veg til sjø.

Kapittelet om godstransport vil gå nærmare inn på utfordringar og moglegheiter ved klimaomstilling innan godstransporten for Sogn og Fjordane.

Modulvogntog

For redusering av klimagassutslepp ved godstransport kan også bruk av modulvogntog vere eit alternativ. Transportetatane nasjonalt rår til bruk av slike lange køyretøy der det er mogleg. Vegvesenet har nasjonal oversikt over strekningar som er godkjent- eller er under vurdering for modulvogntog.

Eit modulvogntog er eit vogntog som er satt saman av køyretøy som kvar for seg oppfyller krav i direktiv 96/53/EF. Eit modulvogntog kan vere inntil 25.25 meter langt og vege inntil 60 tonn. Eit modulvogntog kan ta 25 prosent meir last per tur enn ein tradisjonell trailer, som gjer at ein kan frakte same godsmengde med færre køyretøy på vegnettet og dermed redusere utslepp.

Per i dag er det ingen vegstrekningar på fylkesvegnettet som kan ta imot modulvogntog. Mest aktuelt er difor å ta i bruk Håbakken ved E16 i Lærdal kommune som omlastingsstad. Det vil ikkje ha stor klimaeffekt regionalt, men kan bidra til lågare nasjonale utslepp ved færre vogntog på vegnettet.

Meir informasjon om modulvogntog og kva ulike typar modulvogntog som kan vere aktuelle blir presentert i kapittelet om godstransport.

 

Del dette:

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00