God budsjettdisiplin gjev overskot for fylkeskommunen

Fylkesrådmannen har lagt fram fylkeskommunen sin rekneskap for 2013. God budsjettdisiplin – kombinert med god utteljing på nokre sentrale inntektskjelder – har gitt eit positivt resultat og eit overskot på 45,5 mill. kroner.

Overskotet på 45,5 mill. kroner kjem frå innsparingar på fellesinntekter og -utgifter på om lag 16 mill. kr og ei rekke mindre innsparingar på ulike driftspostar på sektornivå.

Fellesinntekter og -utgifter

Fellesinntekter og -utgifter er i stor grad er «ikkje styrbare» budsjettpostar – såkalla anslagsløyvingar. Dette betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll.

Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjelda til fylkeskommunen og utgjorde i 2013 2,2 mrd. kr. Vi har ei meirinntekt på denne posten på om lag 5 mill. kr. Det skuldast at fylkesskatten på nasjonalt nivå vart betre enn rekna med i revidert nasjonalbudsjett.

Vi konstaterer vidare at sal av konsesjonskraft kjem ut med 5 mill. kr meir enn revidert budsjett for 2013. Dette skuldast i all hovudsak at kostnadane ved innmating av konsesjonskrafta vart i snitt 1 øre/kwh lægre enn føresett.

Netto kapitalkostnader viser ei innsparing på om lag 2 mill. kr. og skuldast reduserte renteutgifter og betre avkastning enn budsjettert. I tillegg viser rekneskapen ei samla innsparing på om lag 4 mill. kr i samband med avsettingane til pensjon og lønsoppgjer.

Sektorane

Når det gjeld tenesteytinga i eigen regi, har det offentlege som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert det difor ein konsekvens at ikkje alle budsjettpostar vert fullt ut nytta; ein styrer så nær opp til 100 prosent som råd er. Dette vil gje mindre innsparingar på ein god del styrbare postar. Dette er ein av hovudforklaringane til at vi kjem ut med ei netto innsparing på 29,4 mill. kr på sektornivå i 2013.

Sektornivået i fylkeskommunen har samla brutto utgifter på vel 2,2 mrd. kr. Sett under eitt er det såleis ei budsjettgjennomføring på nær 99 prosent.

Samferdslesektoren hadde eit samla netto mindreforbruk i 2013 på om lag 9,5 mill. kr. Innsparingane kjem i hovudsak på kollektivsida. Fylkesveg har resultatoverføring og får såleis med seg ubrukte midlar over til 2014.

Samferdslesektoren er i ferd med å legge om til eit regime med store anbodskontraktar både på buss og båt og med eit fylkeskommunalt ansvar for passasjerinntekter direkte inn i eigen rekneskap. 2013 er første året der dette slår inn med full tyngde. God kontraktoppfølging og manglande erfaringsgrunnlag for fastsetting av inntektsnivået kan forklare mykje av innsparingane i 2013. Der det er grunnlag for å justere tala, vert det gjort løpande. Deler av dette er det alt teke omsyn til i budsjettet for 2014.

Opplæringssektoren hadde i 2013 eit samla netto mindreforbruk på om lag 8,5 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er ufordelte midlar til drift av dei vidaregåande skulane, organisasjon og personalutvikling, omstillingsmidlar for pedagogisk personale og gratis læremiddel/PC-ordning. Dei vidaregåande skulane brukte om lag 4 mill. kr meir enn budsjettløyvinga i 2013. Dette vart dekka inn ved bruk av oppsparte midlar gjennom resultatoverføringsordninga. Det var også eit meirforbruk knytt til tilskot til lærebedrifter med om lag 3,0 mill. kr.

I opplæringssektoren har året 2013 vore prega av arbeidet med skulebruksplanen. Den skal sikre forsvarleg ressursutnytting i åra som kjem. Noko mindre merksemd har difor vore nytta til aktiv gjennomføring av tiltak som låg på sida av denne prosessen og dette kan vere grunnen til at nokre postar viser mindreforbruk.

Forvaltningssektoren står for om lag 9,3 mill. kr av denne innsparinga. Dei største postane her er eit mindreforbruk på hovudutvala til disposisjon på 2,0 mill. kr, meirinntekter/mindreforbruk på tenesteeiningane på 3,2 mill. kr, eit mindreforbruk på drift av avdelingar og stab på 2,4 mill. kr, eit mindreforbruk på bedriftshelsetenesta på 1,0 mill. kr og administrasjonsbygningar på 1,5 mill. kr. Det er også registrert eit meirforbruk på drift av hovudutvala på 0,8 mill. kr. Av den samla innsparinga på forvaltning kan i omlag 3 mill. kr knytast til løn og drift av sentraladministrasjonen.

Dei andre sektorane har mindre avvik som i sum utgjer 2,2 mill. kr i netto innsparingar. Kultursektoren har eit mindreforbruk på 0,8 mill. kr, plan og næring på 1,4 mill. kr, medan tannhelsetenesta har resultatføringsordning og får med resultatet sitt over til 2014.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf.: 415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568