vnjnm 7rmjx

Foto: Trivselsskogen

Gloppen: Draumekvila

Dagsturhytta i Gloppen ligg på Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. Hytta var den første av dagsturhyttene som vart opna, og det var høgtidleg opning 8. desember 2018. 

Tilkomst og parkering

Det er fleire alternativ parkering:

  1. Ein kan parkere i Sandane sentrum og gå opp via byggefeltet Høgnausen. Her kryssar du under E-39. Du ser hytta opp i lia frå sentrum.
  2. Kjem ein frå Byrkjelo, køyr forbi første avkøyring til Sandane på Kleivedammen og fortsett ca 600 meter. Så første avkøyring til høgre. Avkøyring er skilta frå E-39.
  3. Kjem ein frå Anda, køyr forbi første avkjørsel til Sandane. Etter ca 800 meter første avkøyring til venstre. Avkøyring er skilta frå E-39.

Dersom ein kjem med buss kan ein gå frå rutebilstasjonen i Sandane sentrum.

Stien til hytta

Området i Trivselsskogen er godt skilta og mange stiar går mot Draumekvila. Ved hovudskiltet ved E-39 startar den mest nytta stien. Følg denne oppover, og les skilta etter kvart. Du skal forbi solplatået og kjærleiksskogen før du kjem til Draumekvila som ligg på om lag 200 meter.

Avstandar

Turen tar om lag 20-25 minutt frå skiltet ved E-39.

Trivselsskogen

Dagsturhytta Draumekvila er ein del av Trivselsskogen, eit sentrumsnært turområde på Sandane. Her kan du sjå ein liten informasjonsfilm om dette: 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut