Gjer oss heite – den nasjonale bulystkonferansen 2011

Kommunalminister Liv Signe Navarsete opnar konferansen, som tek mål av seg å gjere bygdene heitare og meir attraktive – både for dei som bur der, og for dei som kan tenkje seg å flytte dit.

Konferansen vert arrangert på Skei hotell 7. og 8. april, og fristen for å melde seg på er 20. mars.

Målet er for det første å gje påfyll og inspirasjon til dei som dagleg arbeider for å gjere bygdene til gode samfunn å bu og vekse opp i. I tillegg ønskjer ein å skape eit nettverk på kryss og tvers av regionar og fylke, som kan auke trykket på dette viktige arbeidet.

Lokale, nasjonale og internasjonale erfaringar

Deltakarane på konferansen får innblikk i røynsler frå både Skottland, Finnmark og Rauma når det gjeld distriktspolitiske utfordringar og tilflyttingsprosjekt. Prosjektleiar Inger Moe frå Folk i fleire hus frå Luster vil i tillegg fortelje kva erfaringar ein har gjort seg der.

Dr.philos Dag Jørund Lønning kjem for å snakke om nyskaping, identitetsbygging og nyutviklingsrom for bygda. Det vert også ei orientering om kva stønadsordningar Sogn og Fjordane fylkeskommune administrerer, og korleis ein kan nå opp i konkurransen om desse midlane.

Sjå det detaljerte programmet for konferansen.

Påmelding og praktisk informasjon om konferansen finn du på nettsidene til Gloppen kommune.

Del dette:

Relaterte lenker