Gang- og sykkelvegar

Sjølv om bilen og kollektivtransport er mest nytta på lengre distansar er gåing og sykling viktige måtar for persontransport. Gåing og sykling er ein klimavenleg framkomstmåte, og gir i tillegg ein helsegevinst for befolkninga. Ved å få fleire over på gang- og sykkelvegar vil det også gjere gods- og persontrafikken på veg meir effektiv.

Frå sentralt hald er satsing på gang- og sykkelvegar ein viktig del av komande Nasjonal Transportplan. I gjeldande Nasjonal Sykkelstrategi (2014-2023) er hovudmålet at sykkeltrafikken skal utgjere 8 pst. av alle reiser i Norge innan 2023. Målet inneber at sykling minst må doblast, sidan talet på reiser totalt sett er forventa å auke.

Sjølv om det fleire stader er naturgitte høve svært utfordrande og kostbart å bygge ut gang- og sykkelvegar er det viktig at ein også ser kvar det finst potensial for ein slik infrastrukturutbygging, og at ein ser moglegheitene for mindre tiltak som gir mindre bruk av bil til fordel for sykkel og gange.

Det er viktig å merke seg at fokus på gang- og sykkelvegar ikkje berre handlar om utbygging og vedlikehald. For at samfunnet skal kunne oppleve positive sider ved slike infrastrukturinvesteringar er det også nødvendig at det faktisk blir tatt i bruk av befolkninga.

I kapittel 4.3.1 i kunnskapsgrunnlaget vil ein kartlegge dagens gang- og sykkelvegnett og vurdere behovet for utbygging og tilrettelegging for gåande og syklande. Det vil våren 2017 bli lagt fram ein strategi for korleis fylkeskommunen skal legge til rette for at fleire vel gå og sykle.

 

Del dette:

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Relaterte lenker

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00