Går det mot folkevalde regionar?

Det har etter stortingsvalet i september 2013 vore ein del uvisse om kva som vil skje med fylkeskommunane på sikt.

Fylkesordførarane i landet oppnemnde difor same haust ei arbeidsgruppe til å vurdere korleis oppgåvene til fylkeskommunane bør forvaltast i ein framtidig kommunestruktur, som inkluderer eit regionalt folkevalt nivå. Gruppa skulle òg vurdere om det finst statlege eller kommunale oppgåver som med fordel kan leggjast til eit slikt nivå.

La fram førebels rapport 17. juni

Fylkesrådmann Tore Eriksen har leia gruppa og presenterte 26. juni konklusjonane gruppa har kome fram til for alle fylkesrådmennene i landet. Konklusjonane er henta frå ein førebels rapport gruppa la fram 17. juni. Denne tek føre seg mange av spørsmåla regjeringa må vurdere ved oppfølginga av stortingsvedtaka som gjeld ei eventuell regionreform.

To nærast identiske stortingsvedtak

Dei to stortingsvedtaka frå 18. juni er tilnærma identiske og har slik ordlyd:

Vedtak 1

Stortinget ber regjeringen gjennomgå oppgavene til fylkeskommunene/et regionalt nivå parallelt med arbeidet med å gi flere oppgaver til kommunene. Dette kan gjøres med utgangspunkt i en sammenstilling fra tidligere utredninger. Stortinget imøteser en melding til Stortinget om dette våren 2015.

Vedtak 2

Stortinget konstaterer at det ikkje er fleirtal for Høgre og Framstegspartiet sine primærstandpunkt om to folkevalde nivå, jf. desse partia sine merknader i saken. Stortinget viser vidare til felles merknad i saka frå medlemmene frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti der det kjem fram at parallelt med kommunereforma må regjeringa gjennomgå og samanstille utredningar gjeldande mellomnivået og sjå desse i samanheng med reforma utan at dette skal forseinke arbeidet med kommunereforma for primærkommunane. Stortinget stadfester at gjennomgangen av oppgåvene til kommunane må inkludere oppgåvene som skal liggje til eit folkevald regionnivå/mellomnivå/færre fylkeskommunar.

For meir informasjon

Tore Eriksen
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut