Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Fysisk‚ biologisk‚ kjemisk og sosialt miljø.

Tabell med tal

På alle folkehelseindikatorane innafor området fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø har Sogn og Fjordane ein betre score enn landsgjennomsnittet og utviklinga har vore positiv og betre enn for landet totalt dei siste åra. Unnataket er melde lovbrot, der vi ikkje finn statistisk målbare skilnader i utviklinga mellom Sogn og Fjordane og landsgjennomsnittet.

Sogn og Fjordane og Fylket har om lag halvparten så mange lovbrot og dobbelt så mange friviljuge lag og foreiningar som landsgjennomsnittet. Også talet på unge som er tiltala for lovbrot i Sogn og Fjordane ligg godt under landsgjennomsnittet.

FORKLARING TIL FIGURANE

Under kvar indikator er det ein tabell med celler som er fargelagde. Den fyrste spalta, «Nivået», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane i dag er betre (grøn farge), lik (gul farge) eller dårlegare (raud farge) enn landsgjennomsnittet. Den andre spalta, «Utviklinga i fylket», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har blitt betre (grøn), er uendra (gul) eller blitt dårlegare (raud) i løpet av den perioden vi ser på. Perioden er ulik for dei forskjellige variablane, avhengig av kva datamateriale som er tilgjengeleg. Den tredje spalta, «Utviklinga samanlikna med landet», viser om indikatorverdien for Sogn og Fjordane har utvikla seg betre (grøn), lik (gul) eller dårlegare (raud) enn landsgjennomsnittet i den perioden vi ser på. Kvite celler viser at vi ikkje har tal.

Relevante lenkjer:
Helseovervakingsdokumentet PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette