Foto frå UKM-festivalen 2017. Biletet er av bandet Jackbow frå Eid og er teke frå bak trommeslagaren. Vi ser vokalisten og gitaristen i bakgrunnen og publikum bak der att.
Foto frå UKM-festivalen 2017. Biletet er av bandet Jackbow frå Eid og er teke frå bak trommeslagaren. Vi ser vokalisten og gitaristen i bakgrunnen og publikum bak der att.

Bandet Jackbow frå Eid er blant innslaga som er plukka ut til å representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Sandnes i juni. (Foto: Sara Lysgård/UKM Media/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylte Høyanger med ung kunst og kultur

UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2017 er over. 300 ungdommar frå heile fylket har fylt Høyanger med liv og røre frå start til slutt.

Det har vore sceneframsyningar i Høyangerhallen, utstilling på Høyanger vidaregåande skule, nattbad i Høyangerbadet, workshops, konsertar i samfunnshuset og kyrkja og mykje leik og moro ut i dei små timar.

Høgt nivå

– Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane Fylkeskommune og OnCue Music Productions AS å arrangere festivalen. Vi er stolte over å kunne vere med å vise fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1300, stadfestar dette inntrykket, fortel Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen.

UKM er eit arrangement som engasjerer. Rundt 870 har delteke på dei lokale mønstringane i kommunane.

Møteplass

UKM er ikkje ein konkurranse, men ein møteplass for ung kultur. Sjølv om ein skal velje ut nokre av innslaga til å representere fylket på den nasjonale UKM-festivalen, er det viktig å presisere dette.

– Helst ville vi ha sendt vidare alle til den nasjonale festivalen, og fagpanelet har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve, seier Svidal.

Fagpanelet var sett saman av Line Dybedal, Jonas Øren, Miriam Prestøy Lie, Annika Beinnes, Dora David, Andreas Eikeseth Nygjerd og Birgitta Ralston. Dei vart samde om å la desse representere Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Sandnes 21.–25 juni:

Sceneinnslag

Det er plukka ut fire sceneinnslag og eit miksinnslag. Miksinnslaget er sett saman av fem innslag som skal bli eitt innslag under festivalen i Sandnes.

Enkeltinnslag

  • Sigrid Louise Frøysland (14 år), frå Bremanger, med sjølvskriven fanfiction-historie «Once Upon a Time»
  • Jackbow frå Eid med den sjølvskrivne låta «Gravity». Andreas Raftevold Espelund (17 år) gitar, Håkon Henjesand Høydal (17 år) gitar, Jakob Hagen (16 år) bass, Peder Naustdal (15 år) vokal og Sigurd Røyrvik Rønnekleiv (18 år) trommer.
  • Bjørnar Oppedal (15 år) frå Gulen, piano, Ungarsk dans no. 5 av Johannes Bramhs
  • Ivan Lorenzo Brendø (14 år) frå Førde, Dancing on my own (tekst og melodi: Robyn)

Miksinnslaget blir sett saman av

  • Folke Melbye (16 år) frå Gulen med EDM
  • Didrik Mjanger (15 år) frå Gulen med rap
  • Tora Eileen Boatwright Lambrechts (15 år) frå Solund med  song
  • Sara Sandvik Arnestad (16 år) og Tuva Nyhammer Tako (12 år) frå Eid med dans
  • Stella Birthe Poland (16) frå Hornindal på harpe

Generell tilbakemelding frå fagpanelet

Det har vore svært krevjande å velje ut fem innslag som får reise til Sandnes. Juryen har valt ut representantar som viser noko av breidda i fylket. Fagpanelet oppmodar alle til å fortsetje sjølv om ein ikkje her blitt plukka ut til å representere fylket nasjonalt denne gongen. 

Kunst

  • «Glasshuset», skulptur, Jorunn Grøndal (16 år) frå Lærdal
  • «Sjølvportrett», Tamara Malesevic (15 år) frå Stryn
  • «Lys», akrylmåleri, Ingrid Bolstad (17 år) frå Førde
  • «Lagde den i fjor, eg lo, det gjer eg ikkje no», fineliner, Thale Eliassen Fink (17 år) frå Førde

Generell tilbakemelding frå utstillingsjuryen

Utstillinga i år var fin og variert med mange ulike uttrykk, teknikkar og kvalitetar. Bygder og byar med tilbod om kunstskule og kunstfag hadde fleire gode kandidatar.

Foto

Bilete tatt av UKM Media under festivalen er tilgjengelege på dropbox-kontoen til fylkeskommunen.

Bilete av utstillingsarbeida

«Glasshus», Jorunn Gørndal: https://www.dropbox.com/s/a6ev1v43hlh9spk/_ARU5657.jpg?dl=0
«Sjølvportrett», Tamara Malesevic: https://www.dropbox.com/s/5gqn5uu5wh915re/_ARU5651.jpg?dl=0
«Lys», Ingrid Bolstad: https://www.dropbox.com/s/mg92raare5l4m22/_ARU5612.jpg?dl=0
«Lagde denne i fjor, eg lo, det gjer eg ikkje no, Thale Eliassen Fink: https://www.dropbox.com/s/gcb4nuh0hm6epmk/_ARU5613.jpg?dl=0

For meir informasjon

For OnCue Music Productions AS           
Stig Aron Kamonen                                                                            
901 87 738                                                                                     
ukm@oncue.no

For Sogn og Fjordane fylkeskommune
Eva Kristin Svidal
UKM fylkeskontakt
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00