Bilde av bygga for Eid vidaregåande skule og Opera nordfjord
Bilde av bygga for Eid vidaregåande skule og Opera nordfjord

Fylkeskonkurransen i yrkesfag vert arrangert på Eid vidaregåande skule 20. april. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkets beste i yrkesfag

Kven vert den beste eleven i sitt fag i Sogn og Fjordane?

Lærlingar frå heile landet konkurrerer på Yrkes-NM 2016 i Bergen, 17.-20. oktober. 20. april vil elevar frå Sogn og Fjordane konkurrere på Fylkeskonkurransen i yrkesfag på Eid vidaregåande skule. Her vil fylkesmeisteren i kvart fag verte kåra.

Faga det vert konkurrert i er anleggsteknikk, sveising, maskinering, industrimekaniker,  industriell møbelproduksjon, design og elenergi.

Over 40 elevar frå Måløy, Eid, Flora, Mo og Øyrane, Sogndal og Årdal vidaregåande skular vil konkurrere om kven som vert best innan sitt fagfelt.

Direktesending

Det vert streaming direkte frå arrangementet på Eid vidaregåande skule si heimeside.

Deltakarskulane,  Opplæringskontora, WorldSkills Norway og Sogn og Fjordane Fylkeskommune samarbeider om arrangementet. 

Program for dagen

09.00 Opning i Operasalen
09.30 Konkurransestart / gjennomgang av maskiner og utstyr på alle stasjonar
15.30 Konkurransar sluttar
16.00 Premieutdeling i Operasalen

Om World Skills og yrkes-NM:

  • WorldSkills Norway har som formål å fremme fag- og yrkesopplæringa i Noreg, både kvalitetsmessig og statusmessig. Eit viktig verkemiddel  i denne samanheng er yrkes- og skulekonkurranser.
  • Skulekonkurransar arrangerast rundt om i heile Noreg. Meir informasjon om skulekonkurransar finn du på www.skolekonkurranser.no
  • Lærlingar frå heile landet konkurrerer på Yrkes-NM.
  • Rundt 340 dyktige ungdomar kjempar om medalje, heder og ære i ca. 25 forskjellige yrkesfag under yrkes-NM 2016 i Bergen, 17. – 20 oktober.

For meir informasjon

Roger Kløvtveit
rådgjevar, Opplæringsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Roger.klovtveit@sfj.no
958 34 359

Ove Lillestøl
avdelingsleiar, Eid vgs
Ove.Lillestol@sfj.no
415 30 811

Jan Erik Øygard
leiar OKSU
jan.erik.oygard@mef.no

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00