Foto frå Dalsfjordbrua. Det er overskya og grått, og det er ingen bilar på brua.
Foto frå Dalsfjordbrua. Det er overskya og grått, og det er ingen bilar på brua.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesvegane i Sogn og Fjordane

Frå 1. januar 2010 vart fylkeskommunen den største vegeigaren i fylket med ansvar for omlag 2600 km veg. Fylkesvegane knyter ulike delar av fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringsliv. Fylkesvegnettet er eigd av fylkeskommunen, men ansvaret for drift- og vedlikehald av vegnettet ligg til Statens vegvesen.

Det er 2601 km fylkesvegar og 6 fylkesvegferjesamband i Sogn og Fjordane ved utgangen av 2018. Fylkesvegnettet har fleire funksjonar og bind saman lokalsamfunn med lokale senter, kommunesenter og regionsenter, samt gir tilkomst til riksvegnettet. Årsdøgertrafikk (ÅDT) på fylkesvegnettet varierer mykje, frå under 50 kjt/d på dei minst trafikkerte sidevegane til over 6000 kjt/d på dei mest trafikkerte strekningane kring Førde. Vegnettet varierer også mykje med omsyn til standard. 

Sams vegadministrasjon

Gjennom Sams vegadministrasjon har Statens vegvesen det operative ansvaret for oppfølging av fylkesvegnettet og fylkesvegferjene på vegne av fylkeskommunen. Samarbeidet med Statens vegvesen vert styrt gjennom ein rammeavtale og ein årleg leveranseavtale. Fylkeskommunen og Statens vegvesen har månadlege styringsmøter, samt eigarstyringsmøte for store investeringsprosjekt og tunnelrehabiliteringsprosjektet. Fylkeskommunen har eit tett og godt samarbeid med Statens vegvesen. 

Nøkkeltal for fylkesvegnettet 2016

Tabellen under viser ein del nøkkeltal for fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane pr. 31.12.16.

Nøkkeltal fylkesvegnettet 2016

1) Då det erfaringsvis blir rapportert inn nokre ulykker inn i påfølgjande år tek vi atterhald om at endeleg tal ulykker blir høgre. Ulykker frå 2015 er endra tilsvarande.
2) Det er ein endring i tal tunnelar med høgde under 4 meter. Grunnen til dette er at tunnelane Nishammar 1, 2 og 3 er omklassifisert til vinterstengt gang- og sykkelveg.

Nøkkeltal for fylkesferjedrifta

Sogn og Fjordane driv i dag 7 fylkesvegferjesamband. Det vert i 2018 budsjettert med om lag 126. mill.kr til drift av desse sambanda. 

Tabellen under viser dagens fylkeskommunale ferjesamband, med status og standard:

Status og standard, fylkesvegferjer.PNG

I 2018 tok fylkeskommunen over drifta av ferjesambandet Barmen - Barmsund i Selje kommune som fram til då hadde vore eit kommunalt dreve samband med tilskot frå fylkeskommunen.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00