7ps 3lcunrf
 7ps 3lcunrf

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesutvalet slutta seg til handlingsplan for cruisestrategi

Vestlandsfylka vil styrke cruiseturismen med omsyn til klima og miljø og auka verdiskaping på land.

Cruisetrafikken til Vestlandsregionen har auka kraftig dei siste åra og er ein viktig del av den samla reiselivsnæringa på Vestlandet. Om lag 70 prosent av all cruisetrafikk i Norge skjer i dei fire fylka.

Vestlandsrådet vedtok i november 2016 ein felles cruisestrategi, med mål om at næringa skal utviklast på ein berekraftig måte. I 2017 vart det laga eit utkast til ein handlingsplan med tiltak for å få sett i verk strategien. Etter ein brei høyringsprosess har fylkesutvalet i Sogn og Fjordane no gitt si støtte til det endelege utkastet til handlingsplan.

Miljø og verdiskaping

Handlingsplanen femnar om dei to viktigaste innsatsområda innan cruise:

  • Klima og miljø
  • Auka verdiskaping på land

Med ein venta vekst i framtidig cruisetrafikk må vi setje inn tiltak for å ta vare på natur, miljø og samfunna våre, og klima og miljø er følgjeleg eit særs viktig innsatsområde.

Auka trafikk er eit godt høve til å styrke innteninga i cruiserelatert verksemd på land, noko som skaper arbeidsplassar og inntening som kan vidareutvikle reiselivstilboda våre.

På desse to innsatsområda syner handlingsplanen ei rekkje tiltak. Fylkeskommunane og Vestlandsrådet har avgrensa handlingsrom til å gjennomføre tiltak innan cruise, og mange av tiltaka ber preg av å påverke aktuelle aktørar til å ta grep.

16 tiltak

Vestlandsregionen skal vere internasjonalt leiande på berekraftig  cruiseturisme. For å oppnå dette inneheld handlingsplanen 11 konkrete tiltak. Eit av tiltaka er å be om ei nasjonal utgreiing om kva type energibruk som vil vere framtida for cruisenæringa. Regionen vil òg ta initiativ til ein nasjonal  reiselivsmonitor som cruise er ein del av.

For å få auka verdiskaping på land er det føreslått 5 tiltak. Eit av tiltaka er at fylkeskommunane kan ta initiativ til samarbeid mellom cruisenæringa og lokale matprodusentar med mål om at dei skal bli leverandørar til cruiseskip som kjem til regionen.

Fylkesutvalet vedtok i møte 4. april at Sogn og Fjordane sluttar seg til framlegget til handlingsplan. Etter politisk behandling i kvart av fylka, skal Vestlandsrådet endeleg vedta handlingsplanen i møte 7. juni.

Heile handlingsplanen og andre dokument i saka finn du her.

Meir informasjon
Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00