Hyefjord og Ommedal med Åelva i Hyen
Hyefjord og Ommedal med Åelva i Hyen

Gjengedalvassdraget renn ut i Hyefjorden i Gloppen kommune. Foto: Chell Hill/Wikimedia Commons/CC BY-SA

Fylkesutvalet reagerer på avslag til Gjengedal kraftverk

Regjeringa har avslått ein søknad frå SFE om å byggje ut kraftverket i Gloppen kommune. I ei fråsegn ber fylkesutvalet statsministeren om å vurdere saka på nytt.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane reagerer svært negativt på Olje- og energidepartementet si avgjerd der ein gjev avslag på utbygginga av Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune.

Utbygginga av Gjengedal kraftverk har vore gjenstand for ei grundig handsaming over lang tid, og prosjektet er tilrådd utbygd av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Prosjektet har og brei støtte i nærområdet, i Gloppen kommune, og i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

NVE skriv mellom anna i si tilråding: «NVE meiner at med desse avbøtande tiltaka, vil dei samla fordelane ved Gjengedal kraftverk vere større enn skadane og ulempene. NVE legg vekt på at ei utbygging av Gjengedal kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa negative miljøeffektar.»

Det er uforståeleg at regjeringa ser vekk frå faginstansen si tilråding og gjev avslag. Vert dette ståande så vil samfunnet gå glipp av ei stor framtidig verdiskaping saman med produksjon av rein fornybar energi.

Det var og planlagt ny kraftleidning fram til Gjengedal kraftverk som tok høgde for vesentlege mengder småkraft i tillegg til Gjengedal kraftverk. Etter avslaget frå regjeringa vil denne kraftleidninga ikkje bli bygd. Småkraftprosjekta i dette området vil derfor bli råka av avslaget også.

Vi ber statsministeren merke seg vårt syn og vurdere denne saka på nytt.

​Fråsegn vedteken i fylkesutvalet 31. mai

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713