Foto av raud postkasse.

Foto: ingve/Wikimedia Commons

Fylkesutvalet krev postlevering kvar vekedag

Samferdsledepartementet vil gå frå postlevering kvar dag til annankvar dag. Det meiner fylkesutvalet er ein dårleg idé.

Fylkesutvalet samla seg i møtet 7. mars etter litt diskusjon om eit vedtak der dei argumenterer for kvifor postombering kvar vekedag er viktig for Sogn og Fjordane – og heile distrikts-Noreg. Vedtaket blir sendt til departementet som høyringsfråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkespolitikarane er særleg uroa for at færre utleveringsdagar kan gjere det vanskelegare å sende småpakkar, spesielt prøvemateriale frå legekontor og medisinar til pasientar. Distribusjon av lokalaviser er eit anna moment fylkesutvalet trekkjer fram. Færre leveringsdagar kan skape ekstra utfordringar for ein bransje som allereie slit.

Må sjå utover økonomien

Fylkesordførar Jenny Følling meiner det er viktig at fylkesutvalet står samla i tilbakemeldinga si til Samferdsledepartementet. Ho er redd dei føreslegne endringane vil få store konsekvensar for både innbyggarar og næringsliv.

– Dette er ei viktig sak for heile distrikts-Noreg. Økonomiske omsyn må ikkje vere den einaste grunnen til å gjere endringar. Vi meiner omsynet til innbyggarar og næringsliv sine behov må vege tyngst. Vi etterlyser politisk vilje til å gjere posttenestene meir brukarvenlege, i staden for å stadig ville redusere tenestene til folk som ikkje har andre alternativ, seier fylkesordføraren.

Digital infrastruktur må på plass

Fylkesutvalet er også oppteke av den statlege satsinga på breiband må styrkast.

Mange av områda som står i fare for å miste dagleg postombering har i dag ikkje tilfredstillande digital infrastruktur. Fylkesutvalet aksepterer ikkje kutt i postomberinga før dette er på plass.

Vedtak i møtet i fylkesutvalet 7. mars

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det samla omsynet til folket sine behov må vege tungt når det gjeld eventuell endring i omfang av leveringspliktige posttenester i Noreg. Økonomiske omsyn må ikkje vere den einaste grunnen til å gjennomføre endringar. Sogn og Fjordane fylkeskommune etterlyser fokus på å vilje gjere tenestene meir brukarvennlege og konkurransedyktige, i staden for over tid å ha negativt fokus på kva ein ynskjer å redusere i tenesta.
     
  2. Sogn og Fjordane fylkeskommune finn det heilt uakseptabelt at sendingar av småpakkar og spesielt sendingar av prøvemateriale frå legekontor og sending av medisinar til pasientar vert ytterlegare vanskeleggjort ved reduksjon i utleveringsdagar. Desse endringane må sjåast i samanheng med andre reduksjonar i posttenestene, slik som reduserte tider for postsortering. Dette har allereie ført til innskrenka mogelegheiter for kva dagar pasientar kan ta sendeprøvar for at prøvane ikkje skal bli for gamle til å bli analysert i laboratoria, og vi åtvarar sterkt mot å eskalere denne type vanskar for primærhelse- og omsorgstenesta.
     
  3. Sogn og Fjordane Fylkeskommune meiner ulempene med framlegg til reduserte utleveringsdagar vil verte store, og kan ikkje akseptere eit redusert omfang av leveringspliktige posttenester som vil slå særleg negativt ut for distrikts-Noreg og alle som bur der. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det er svært viktig for distrikta å framleis ha postombering 5 dagar i veka. Dersom det er stor innsparing på å skilje mellom tettbygd og spreiddbygt, utfrå kvar det er konkurrerande tenester, så kan ein prøve ut ulik ombering med 5 dagar i distrikta og td 2 i tettbygde strok. Distribusjon av lokalaviser blir ekstra utfordrande for ein bransje som slit. Lange avstandar og vanskeleg topografi vil gjere det vanskeleg for mange å nytte postboks for å ta imot daglege postsendingar.
     
  4. Sogn og Fjordane fylkeskommune krev at satsinga på utbygging av breiband vert styrka . Mange av dei områda som står i fare for å misse postombering kvar dag har ikkje ein tilfredstillande digital infrastruktur. Sogn og Fjordane fylkeskommune kan ikkje akseptere at det vert kutta i postomberinga før ein kan vise til tilfredstillande digital infrastruktur i distrikta.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut