zjl 85s 2npu
zjl 85s 2npu

Eit samla fylkesutval gav i dag fråsegn i den pågåande prosessen rundt eigarskap i Sogn og Fjordane Energi. foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesutvalet klårgjer SFE-prosessen

Fylkespolitikarane gav i møte 19. juni ei fråsegn som tydeleggjer prosessen rundt eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi. Det er ikkje semje om ein  transaksjonsavtale med medeigar BKK, og vedtaket om fordeling av aksjar til kommunane i Sogn og Fjordane vil bli gjennomført på dei premissane fylkestinget har bestemt.

–  Eit samla fylkesutval står bak fråsegna vi gjev om dei såkalla forhandlingane med BKK. Fylkesutvalet har heile tida sett på BKK sitt krav om å kjøpe ut BKK med kraftverk som svært problematisk. Forhandlingar med dette som tema kom aldri i gang, seier fylkesordførar Jenny Følling.
– Det verste i denne saka er det store tillitsbrotet frå ein stor eigaraktør.


Fråsegn om Sogn og Fjordane fylkeskommune sine «forhandlingar» med BKK

Dei siste dagane har det vore nokre medieoppslag om forhandlingar mellom fylkeskommunen og BKK om mogleg utkjøp av BKK frå Sogn og Fjordane Energi AS (SFE). Fylkesutvalet vil her klårgjere nokre sider av saka som har vore feil eller for einsidig framstilt.

Søndag ettermiddag, 16.06.19, valde BKK å avlyse eit forhandlingsmøte som var avtala i Oslo dagen etter. BKK orienterte media om dette før fylkeskommunen vart orientert. Konsernsjefen i BKK, Jannicke Hilland, valde i tillegg å gå ut med opplysningar frå ein konfidensiell forhandlingsavtale av 28.01.19. Fylkesutvalet stiller seg undrande til dette.

BKK er i dag den nest største eigaren i SFE med i underkant av 37 % av aksjane. Fylkeskommunen er – gjennom holdingselskapet Sogn og Fjordane Holding AS – den største eigaren med ein eigarpost på knapt 50 %. Dei to største eigarane har over tid vore usamde om strategiske vegval for SFE, som t.d. SFE sin utbyttepolitikk, fusjonen med Sunnfjord Energi AS og etableringa av eit eventuelt Vestlandskraft. Vi har og merka oss at BKK enno ikkje har nytta høve til å tilføre SFE kapital med basis i emisjonen av 2017.

I november 2017 informerte BKK fylkeskommunen om at selskapet var villig til å forhandle nærmare med fylkeskommunen om å tre ut av SFE. BKK sette som absolutt premiss for forhandlingane at delar av vederlaget for selskapet sin aksjepost skulle vere i form av kraftverk.

Fylkesutvalet har heile tida sett på dette kravet som problematisk, ikkje minst på bakgrunn av at styret i SFE har stilt seg negativt til å avhende kraftverk. På bakgrunn av den ovannemnde strategiske usemje opna fylkesutvalet i møte i februar 2018 likevel for å forhandle med BKK med sikte på at selskapet skulle gå heilt ut av SFE. Ei eventuell forhandlingsløysing skulle leggjast fram for fylkestinget for godkjenning.

I januar 2019 vart det inngått ein forhandlingsavtale, dvs. ein avtale om prosessen fram mot å inngå ein eventuell endeleg transaksjon. Denne avtalen var bindande til 17.06.19. Reelle forhandlingar kom aldri i gang. Etter fylkestinget 4. og 5. juni, der ein gjorde vedtak om at fylkestinget i ekstraordinært møte 26.06.19 skulle ta stilling til ein eventuell transaksjonsavtale, gjorde fylkeskommunen fleire forsøk på å få i stand forhandlingsmøte med BKK. Møtetidspunkt vart avtalt, men i veka etter pinse utsette BKK dette heilt til 17.06.19, som var fristen for å inngå ein avtale. Dagen før, 16.06.19, avlyste BKK også dette møtet. Ein valde i staden å prioritere media.

Jannicke Hilland har i ettertid opplyst at BKK venta heilt til 16.06.19 med å leggje avtalen bort fordi «fylkestinget 5. juni vedtok ein eigarskap i SFE som tek vestlandsperspektivet meir i vare enn det tidlegare hadde vore lagt opp til». Dette er feil, og fylkesutvalet stiller seg uforståande til dette. Det har heilt sidan før fylkeskommunen tok ut søksmålet mot BKK vore ein uttrykkeleg føresetnad at Vestland fylkeskommune skal ha «bestemmande innflytelse» i holdingselskapet, og det har og vore ein heilt grunnleggjande premiss for både eigne vedtak og dommane frå ting- og lagmannsretten.

Fylkesutvalet viser elles til fylkestinget sitt vedtak i sak 35/19 om fordeling av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS på kommunane i Sogn og Fjordane. Då det ikkje vart semje om ein transaksjonsavtale med BKK, vil pkt. 1 – 4 i dette vedtaket verte gjennomført. Dette vil kome kommunane i fylket til gode.

Kontakt:

Jenny Følling
fylkesordførar Sogn og Fjordane fylkeskommune
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713