Foto av fylkesordførar Jenny Følling sitjande ved skrivebordet på kontoret sitt.
Foto av fylkesordførar Jenny Følling sitjande ved skrivebordet på kontoret sitt.

Foto: Thor-Aage Lillestøl

Fylkesutvalet ber NRK stoppe omlegginga av distriktssendingane

Fylkespolitikarane er uroa for kutta i sendetida til Vestlandsrevyen, og fylkesordføraren meiner omlegginga er dramatisk.

– Vi får færre nyhende frå området vårt, noko som kan øydeleggje for både samfunnsdebatten og dei demokratiske prosessane. Distriktsnyhende er viktige for distrikta, slår fylkesordførar Jenny Følling fast etter møtet i fylkesutvalet 23. januar.

Utvalet gav fylkesordføraren grønt lys for å vidare med saka både i samarbeidet med Hordaland og som sak til Vestlandsrådet.

Dekker ikkje det lokale behovet

Fylkesutvalet trekker fram rolla NRK har som allmennkringkastar, og punkt 1 i NRK-plakaten om at «NRK skal understøtte og styrke demokratiet».

NRK har nyleg kutta sendetida til distriktssendingane frå nesten femten til fire minuttar.

– Høvet til å produsere distriktsnyhende med god kvalitet vert svekka i så korte sendingar. Vi er redde for at distriktskontora med redusert sendeflate vil kome til å levere mindre stoff til rikskanalen, og at distriktssendingane ikkje greier å dekke det lokale behovet, seier fylkesordføraren.

Svekker rolla som allmennkringkastar

Fylkesutvalet meiner det er viktig at allmennkringkastinga tek vare på distriktsoppdraget og interessene til ulike samfunnsgrupper.

Folk i fylket treng distriktsnyhende for å følgje med i lokal og regional politikk og såleis delta i samfunnsdebatten. Vestlandsrevyen er i dag ein viktig felles arena for nyhendeformidling frå distrikta, som gjev grunnlag for samfunnsdebatt og demokrati.

For meir informasjon

Jenny Følling
Fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568