vhfgcxrrsh

Prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane er avslutta, men hydrogen- og klimasatsinga i Sogn og Fjordane held fram. Illustrasjon: Brødrene Aa

Fylkestinget vil ha klimavenlege båtruter

Fylkespolitikarane vil ha ned utsleppa frå hurtigbåtane i Sogn og Fjordane. Dei vil blant anna ha ei pendlarrute med låge eller ingen utslepp mellom Florø og Måløy (ev. Selje).

Fylkestinget vedtok dette då dei handsama saka om kjøp av rutetenester frå 1. mai 2022 i møtet 24. april.

Klimavenleg pendlarrute ved kysten

Reduksjon av klimautslepp og implementering av klima- og miljøvenleg teknologi var eit gjennomgangstema blant nær alle som var på talarstolen under handsaming av saka. Fylkespolitikarane var særleg opptekne av å få til ei tenleg og klimavenleg pendlarrute mellom Florø og Måløy (ev. Selje).

Dei ønskjer at ruta skal lysast ut som eit nullutslepps- eller lågutsleppssamband, og at ruta skal gjere arbeidspendling mellom Florø, ytre Bremanger og Vågsøy enklare enn i dag, både på dagtid og kveld.

– Dette vil vere eit viktig samband på kysten, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Vidareføring av klimasatsing

Fylkespolitikarane set høge mål for å redusere utsleppa frå hurtigbåtane i Sogn og Fjordane. Dei meiner dette er ei naturleg vidareføring av satsinga på utsleppsfrie ferjer og hydrogenprosjektet fylkeskommunen stod i spissen for.

– Eg er glad for at eit samla fylkesting set ambisiøse klimamål, og tek ansvar for at neste generasjon hurtigbåtar skal vere klimavennlege, seier fylkesordføraren Jenny Følling.

Ho er oppteken av å få på plass teknologien og å få nasjonale styresmakter med på laget.

– Leverandørindustrien er innovative, og vi har framtidsretta bedrifter og gründerar. Dei er i stand til å utvikle og tilby framtidsretta, miljøvenleg og verdsleiande teknologi. Vi veit at teknologien til dei hurtigbåtane som skal gå langt ikkje finst endå, men det kjem. Eitt av dei store politiske spørsmåla er om nasjonale styresmakter er villige til å ta kostnadane fylkeskommunen har med å leggje om til klimavenleg hurtigbåt og ferjedrift, seier Følling.

Båtruter i heile fylket

Saka fylkestinget handsama gjeld det som i dag er fire avtalar om båtruter i heile fylket:

  1. lokalbåtruter i Lærdal, Vik og Høyanger
  2. lokalbåtruter i Gulen, Solund og Askvoll
  3. lokalbåtruter i Flora, Bremanger og Vågsøy og ambulanse i floraområdet
  4. persontransport med hurtigbåt mellom Sogn og Fjordane og Bergen

Det er per i dag ikkje avgjort korleis båtrutene skal lysast ut i det nye anbodet.

Ber om nærare utgreiing

Fylkestinget ber fylkesmannen kome tilbake med ei sak i juni, med utgreiing av følgjande punkt:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut anbodsruta Florø–Måløy–ev. Selje t/r som eit nullutslepps-/lågutsleppsanbod for hurtigbåtar. Er dette aktuelt for andre ruter, vert desse å lyse ut på same måte.
  • Ruta må ha ein frekvens som gjer arbeidspendling mellom Florø, ytre Bremanger og Vågsøy (ev. Selje) enklare enn i dag, både på dag- og kveldstid.
  • Fylkesrådmannen må vurdere kva som må til for å kome i posisjon til statlege støtteordningar som til dømes Enova.

Anboda skal etter planen lysast ut hausten 2019.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut