Foto av gangbrua på Amfi kjøpesenter i Førde. Biletet er teke seint på kvelden, det er klårt og mørkt og lys inne frå skywalken.
Foto av gangbrua på Amfi kjøpesenter i Førde. Biletet er teke seint på kvelden, det er klårt og mørkt og lys inne frå skywalken.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkestinget vedtok strategi for tettstadutvikling og senterstruktur

Førde vert definert som fylkessenter i Sogn og Fjordane, medan Sogndal og Florø er regionsenter.

På møtet i fylkestinget 17. april vedtok fylkespolitikarane ein strategi for tettstadutvikling og senterstruktur i Sogn og Fjordane.

– Attraktive sentrum er viktig for busetting og vekst i folketalet. Ein god strategi for tettstadutvikling og ei aktiv utvikling av sentra våre kan demme opp mot fråflytting, seier fylkesordførar Jenny Følling, og held fram:

– Tettstadutvikling er ikkje ein konkurranse mot bygdene, snarare tvert imot gjer det unge folk som tek høgare utdanning ei reel moglegheit til å jobbe i distrikts-Noreg, og ikkje minst gje større sjanse å finne arbeidsplassar for to.

Strategien byggjer på analysar av demografi og flyttemønster, og gir retningsliner for attraktive tettstader, attraktive bustader og sterkare BAS-regionar i heile fylket. Dette er tenkt å vere eit grunnlag og styringsverktøy innan regional utvikling og planarbeid.

Senterstruktur

I strategien er Førde definert som fylkessenter. Det kan vere ein naturleg stad å lokalisere fylkesdekkjande offentlege og private tenester.

Sogndal vert definert som regionsenter i Sogn. Sogndal og Leikanger bør også i framtida vere ein sentral lokaliseringsstad for offentleg-administrativ verksemd i det nye Vestland fylke.

Florø er regionsenter på kysten. Regionsenteret er naturleg stad å plassere offentlege og private tenester som skal dekkje kystregionen.

Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn, Måløy, Sandane, Dale, Høyanger og Årdal er definerte som senter i bu-, arbeids- og serviceregionane. Større offentlege arbeidsplassar bør som hovudregel samlokaliserast i senter i BAS-regionane.

Saksdokument og protokoll frå fylkestinget finn du her.

Vedtatt Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur finn du her. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette