Skisser til nytt opplæringssenter på Øyrane og vitensenter på Kaupanger.

Til venstre skisse frå moglegheitsstudie for ny Førde vgs på Øyrane (illustrasjon: Arkitektkontoret A38), til høgre skisse for vitensenter på Kaupanger (Kaupus AS)

Fylkestinget vedtok storsatsing på kunnskap

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal investere 860 millionar kroner i nye opplæringssenter på Øyrane i Førde og på Kaupanger i Sogndal. Det vedtok fylkestinget onsdag.

- Det er ein gledens dag når vi kan vedta to så viktige prosjekt som ny vidaregåande skule i Førde og Sogndal vidaregåande skule med vitensenter på Kaupanger. Det er ei stor satsing på ungdomen og på framtida for fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling etter tingsetet.

Politikarane i fylkestinget gratulerte både kvarandre og innbyggjarane i fylket med dagen då dei med stort fleirtal vedtok dei to utbyggingane, i tillegg til eit tredje prosjekt for kunnskap og kompetanse i fylket, Campus Førde verftet.

«Ein merkedag for Sogn og Fjordane og Vestlandet», «ein revolusjon for miljøet blant elevar og tilsette», «viktig for å trekkje folk til fylket» og «heilt i tråd med rolla vår som samfunnsutviklar» var nokre av orda som vart brukte frå talarstolen på Fylkeshuset i Leikanger.

Ny, samla Førde vidaregåande skule

Det nye opplærings- og kompetansesenteret som skal byggjast på Indre Øyrane i Førde får har ei kostnadsramme på 720 millionar kroner. Byggjestart er sett til juni 2020, og den nye skulen skal vere klart for bruk til skuleåret 2023/24.

Prosjektet samlar funksjonane på dagens vidaregåande skular på Øyrane og Hafstad på éin plass, saman med ein ny tannhelseklinikk. Det skal etablerast ein fleksibel skule med framtidsretta løysingar og godt rom for samhandling og sambruk.

Ein samla skule er venta å gi ei innsparing i høve dagens drift på om lag 9 mill. kr årleg.

Opplæringssenter og vitensenter på Kaupanger

Nytt bygg for Sogndal vgs si avdeling på Kaupanger, med utleigedel tiltenkt Sogn og Fjordane Vitensenter, har ei kostnadsramme på 140 millionar kroner. Byggjestart er sett til januar/februar 2020, med innflytting våren 2021.

Avdelinga på Kaupanger har undervisning for yrkessjåførfaget, transport og logistikk og anleggsteknikk. Bygningane er i dag i relativt dårleg stand, og skulen ynskjer betre lokalitetar for å ivareta og vidareutvikle programområda.

Eit felles utbyggingsprosjekt skal gje skulen nye, meir tenlege areal og samstundes skape ein ny arena og møteplass som samlar formidling, engasjerande læring og næringsliv i regionen.

Samarbeid om teknologisatsing i Førde

Fylkestinget vedtok òg å godkjenne ein samarbeidsavtale mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet om etablering og utvikling av Campus Førde verftet, mellom anna som eit ledd i å styrke utviklinga av Fagskulen i Sogn og Fjordane.

Prosjektet tek sikte på å bruke delar av verftsområdet på Ytre Øyrane til å realisere ein utdannings-, forskings-, og innovasjonsstruktur i Førde. Eit mål er å styrke næringslivet sin tilgang til arbeidskraft innan tekniske fag, gjennom ei teknologisatsing i heile utdanningsløpet frå «Reodorklubb» og vidare til grunnskule, vidaregåande opplæring, fagskule og høgskule.

Verksemda blir organisert som eit eige aksjeselskap, Campus Førde verftet AS.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut