Fylkestinget vedtok ny handelsføresegn med retningslinjer

I fylkestinget 8. oktober, sak 44/19, vart ny handelsføresegn vedtatt.

Ei sentral problemstilling for arbeidet har vore korleis ein skal balansere fylkesutvalet sitt ønske om ei føresegn som ikkje er til hinder for større handelsetableringar i og utanfor sentrum mot nasjonale og regionale føringar for klima og miljø, regional konkurranse, arealbruk og god stadutvikling.

Revidert handelsføresegn med retningslinjer byggjer på senterstrukturen som vart vedtatt i Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur, i fylkestinget i april 2018

Handelsføresegna gir føringar for å oppfylla statlige planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Her kan du lesa vedtatt Handelsføresegn med retningslinjer.docx PDF document ODT document

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette