Jenny Følling og Synnøve Stalheim i sola på verandaen på Scandic Sunnfjord Hotel med regional plan for klimaomstilling
Jenny Følling og Synnøve Stalheim i sola på verandaen på Scandic Sunnfjord Hotel med regional plan for klimaomstilling

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkestinget vedtok ambisiøs ny klimaplan

To millionar i søkeordning for klima og miljø, fylkespris for klima og miljø og oppstartsmidlar til senter for klimatilpassing er blant tiltaka i klimaplanen.

13. juni vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane ny regional plan for klimaomstilling. Planen peikar ut ein forpliktande klimapolitikk som konkretiserer korleis Sogn og Fjordane kan bli eit føregangsfylke i det grøne skiftet, på vegen mot eit nullutsleppssamfunn.

– Denne planen er startskotet på ei auka satsing på å redusere klimautsleppa i fylket. Auka innsats på vegen mot eit nullutsleppssamfunn krev at vi jobbar saman. Alle kan og bør bidra i det grøne skiftet, seier Jenny Følling.

1,2 mill. til klimatilpassingssenter

Ved vedtak av planen har fylkestinget bestemt å gå inn med 1,2 millionar kroner i eit nytt nasjonalt klimatilpassingssenter knytt til det eksisterande miljøet ved Vestlandsforsking i Sogndal.

Senteret skal samle eit sterkt nasjonalt fagmiljø og bidra med ny kunnskap om klimatilpassing over heile landet. Vestlandsforsking går sjølv inn med 1,5 millionar kroner i prosjektet.

Fylkesdekkande klima- og miljøpris

Ved vedtak av planen har fylkestinget bestemt at det skal etablerast ein klima- og miljøpris. Føremålet med prisen er å inspirere og hjelpe fram klima- og miljøarbeidet i fylket.

Klima- og miljøprisen skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk. Ein håpar prisen kan bli ein prestisjefull og anerkjent pris på same måte som fylkets sin kulturpris har vore i mange år.

Meir informasjon og skjema for å nominere kandidatar finn du her. Fristen er 1. november.

2 mill. ekstra til klima- og miljøarbeid

Fylkestinget ønsker å fremje initiativ til handling for klimaomstilling og berekraftig utvikling av fylket. For å styrke klimaarbeidet rundt om i fylket vert den eksisterande søkeordning for klima og miljø difor styrka med 2 millionar. Ein kan søke midlar til prosjekt og tiltak som støtter opp om målsettingane i regional plan for klimaomstilling.

Det er fire søknadsfristar gjennom året. Neste frist i 2018 er 15. august og 15. oktober. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.

Klimaomstilling

– Det er ingen tvil om at vi må ta klima- og miljøutfordringane på alvor. Vi må ha ambisiøse målsetjingar og redusere utsleppa. Vi må førebu oss på klimaendringane, og tilpasse oss dei utfordringane som kjem. Vi må alle jobba saman og dra i same retning dersom vi skal lukkast, seier fylkesordførar Jenny Følling.

FN sitt klimapanel har teke til orde for ei ny tenking kring klimaarbeidet, kalla klimaomstilling. Vedtak av ny Regional plan for klimaomstilling den 12./13.juni er ein milepåle i arbeidet med klimaomstilling. Planen er den tredje klimaplanen i Sogn og Fjordane, og ein av dei første regionale planane i landet som set klimaomstilling på dagsorden på denne måten.

Les meir om klimaplanen her

Her finn du saksdokument og protokoll frå møtet i fylkestinget 12.-13. juni

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut