Fylkestinget vedtok å halde fram med 59 prosent eigardel i Fjord1

Med 23 røyster vedtok fylkestinget onsdag å halde fast på at fylkeskommunen skal eige 59% i Fjord1. Dermed nyttar ikkje fylkeskommunen forkjøpsretten sin. Det opnar for at den tidlegare eigardelen til Møre og Romsdal Fylkesbåtar på 41% no kan seljast til det private selskapet Havila.

Vedtaket i fylkestinget er i samsvar med fleirtalstilrådinga frå fylkesutvalet (sjå sak under avrøystinga).

Ved avrøystinga vart saka avgjord på følgjande måte og med følgjande røystetal:

SAK 86/11 Eigarposisjonen i Fjord1 Nordvestlandske AS

Kristeleg Folkeparti sette fram slikt framlegg:

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune (v/F1 Holding AS) sel 25 % av aksjane i Fjord1
    Nordvestlandske AS til Havilafjord AS. Fylkestinget vedtek vedlagte aksjesalsavtale,
    opsjonsavtale og aksjonæravtale.
  2. Fylkesrådmannen får fullmakt til å sluttføre salet.
  3. Det vert sett av 34 mill. kr til eit fond for styrking av eigenkapitalen i Fjord1 Nordvestlandske
    AS.
  4. Disponering av resterande frigjeven kapital vert å ta stilling til i den komande
    budsjettprosessen.

Framlegget fekk 3 røyster.

Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti sette fram slikt framlegg til
vedtak:

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune (v/F1 Holding AS) opprettheld sitt eigarskap på 59 % i
    Fjord1 Nordvestlandske AS. Fylkestinget nyttar seg ikkje av forkjøpsretten av 41 % av aksjane
    som Havilafjord AS har kjøpt frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  2. Fylkesutvalet får fullmakt til å godkjenne ein eventuell aksjonæravtale.

Framlegget fekk 23 røyster og var dermed vedteke.

Gunnvor Sunde (Uavhengig), Høgre, Venstre og Framstegspartiet sette fram slikt
framlegg til vedtak

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar forkjøpsretten.
  2. Kjøp av Møre og Romsdal sin eigardel på 41 % vert finansiert ved å ta opp lån i F1 Holding
    AS.
  3. Hovudkontoret skal fortsatt ligge i Florø.

Framlegget fekk 13 røyster.

Høgre, Venstre og Framstegspartiet sette fram slikt framlegg til vedtak

  1. Administrasjonen får fullmakt til å snarast førebu nedsal av aksjar.

Framlegget fekk 12 røyster

Sjå bilete frå fylkestinget her.


Fylkesutvalet tilrår uendra eigarposisjon i Fjord1

Fredag 19. august 2011

Fylkesutvalet rår fylkestinget til ikkje å nytte forkjøpsretten på dei 41 prosent av aksjane i Fjord1 Nordvestlandske AS som Havilafjord AS har forplikta seg til å kjøpe av Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesutvalet rår også fylkestinget til å halde på eigarposten sin på 59 prosent i Fjord1.

Dette tilrådde fylkesutvalet i møte 19. august, og fylkestinget avgjer saka i møte på Fylkeshuset 25. august.

Fylkespolitikarane vedtok dette med fem mot fire røyster og følgde ikkje tilrådinga frå fylkesrådmannen, som ønskte å selje 25 prosent av aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune til Havilafjord AS.

Arbeiderpartiet, Sp og SV la fram dette framlegget

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune (v/F1 Holding AS) opprettheld sitt eigarskap på 59 % i Fjord1 Nordvestlandske AS. Fylkestinget nyttar seg ikkje av forkjøpsretten av 41 % av aksjane som Havilafjord AS har kjøpt frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  2. Fylkesutvalet får fullmakt til å godkjenne ein eventuell aksjonæravtale.

Dette framlegget fekk røystene frå Ap, Sp og SV – i alt fem røyster.

Gunnvor Sunde (Uavhengig), Høgre, Venstre og Framstegspartiet kom med dette framlegget

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar forkjøpsretten.
  2. Kjøp av Møre og Romsdal sin eigardel på 41 % vert finansiert ved å ta opp lån i F1 Holding AS.
  3. Hovudkontoret skal fortsatt ligge i Florø.

Dette framlegget fekk røystene frå Gunnvor Sunde, Høgre, Venstre og Framstegspartiet – i alt fire røyster.

Høgre, Venstre og Framstegspartiet fremja dette tilleggsframlegget til framlegget over
4. Administrasjonen får fullmakt til å snarast førebu nedsal av aksjar.

Dette framlegget fekk røystene frå Høgre, Venstre og Framstegspartiet – i alt tre røyster.

Framlegget frå fylkesrådmannen

  1. Sogn og Fjordane fylkeskommune (v/F1 Holding AS) sel 25 % av aksjane i Fjord1 Nordvestlandske AS til Havilafjord AS. Fylkestinget vedtek vedlagte aksjesalsavtale, opsjonsavtale og aksjonæravtale.
  2. Fylkesrådmannen får fullmakt til å sluttføre salet.
  3. Det vert sett av 34 mill. kr til eit fond for styrking av eigenkapitalen i Fjord1 Nordvestlandske AS.
  4. Disponering av resterande frigjeven kapital vert å ta stilling til i den komande budsjettprosessen.

Ingen røysta for tilrådinga til fylkesrådmannen. Fylkesutvalet har ni medlemmar.

Sak 86/11 - Eigarposisjon i Fjord1 Nordvestlandske AS - tilråding og saksutgreiing.
Vedlegg 1-4 til saksførelegget er ikkje offentlege, jamfør Ofl §23, 1. ledd, økonomi-, løn- og personalforvaltning.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568