ehm 6p 3t 8pr
ehm 6p 3t 8pr

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkestinget støttar ny båtrute mellom Florø og Måløy

Fylkestinget vedtok tysdag å løyve fem millionar kroner til å styrke snøggbåttilbodet mellom Flora, Bremanger og Vågsøy med ein ny avgang om morgonen.

Fellesnemnda for Kinn kommune har søkt fylkeskommunen om støtte til å styrke båttilbodet på kysten med ei ny rute mellom Florø og Måløy. Tysdag vedtok fylkestinget samrøystes å støtte søknaden.

– Dette er eit viktig tiltak for å styrke kommunikasjonen mellom kystbyane i Sogn og Fjordane, som vi er glade for å kunne støtte. Å knyte saman kysten med betre infrastruktur er eit av hovudmåla i regional kystplan, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Avgang om morgonen

Båten skal etter planen gå alle kvardagar frå Florø mot Smørhamn og Måløy klokka 08:30 om morgonen, med retur klokka 11:30. Intensjonen med ruta er å gjere det mogleg å dagpendle mellom byane i begge retningar.

Fellesnemnda for Kinn ser føre seg at tilbodet kan starte opp allereie hausten 2019. Det vil i første omgang vare fram til 1. mai 2022, då ein ny konsesjonsperiode for snøggbåttilbodet trer i kraft.

Finansiert som spleiselag

Fylkeskommunen sitt bidrag er på om lag 5 millionar kroner over dei tre neste åra, litt under halvparten av den totale kostnaden.

Vågsøy, Bremanger, Flora og nye Kinn kommune står for resten av finansieringa. Noko av dette er infrastrukturmidlar Kinn har fått frå staten i samband med samanslåinga. I tillegg kjem billettinntekter frå passasjerane.

Sjå saksdokument til møtet i fylkestinget 4. og 5. juni

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713