Foto av fylkestinget som røystar over intensjonsplanen for samanslåing med Hordaland. Vi ser tre representantar som stemmer imot, ved å halde oppe handa.
Foto av fylkestinget som røystar over intensjonsplanen for samanslåing med Hordaland. Vi ser tre representantar som stemmer imot, ved å halde oppe handa.

Tilrådinga frå fylkesutvalet, om å gå vidare med samanslåingsplanane på visse vilkår, vart vedteken mot røystene til Stein Malkenes (MDG), Jakob A. Sandal (SV) og Arnstein Menes (Sp). (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylkestinget seier ja til samanslåing

Fylkestinget har i dag sagt ja til å gå vidare med samanslåingsplanane med Hordaland, men vil halde fram som eige fylke om det ikkje blir ei reell, nasjonal regionreform.

Fleirtalet i fylkestinget vedtok at ein ønskjer ei samanslåing med Hordaland frå 2020 dersom Stortinget vedtek ei reell, nasjonal regionreform.

Reforma må ha innhald

Fylkestinget spesifiserer at ei slik reform må redusere tal fylke/regionar til om lag ti og leggje til rette for styrking av og overføring av makt og oppgåver til det regionale folkevalde nivået. I så fall ønskjer fylkestinget at Sogn og Fjordane går vidare med planane om samanslåing med Hordaland. Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland skreiv 17. januar under på ein intensjonsplan, som skal liggje til grunn for dette arbeidet.

Dersom Stortinget ikkje vedtek færre regionar eller overfører makt og oppgåver, vedtok fylkestinget at Sogn og Fjordane skal halde fram som og vidareutviklast seg som eigen region.

Vil halde fram aleine uansett

Senterpartiet og SV fremja forslag om at Sogn og Fjordane skal halde fram og vidareutvikle seg som eige fylke uansett, og heller vurdere saka på nytt om fylka får tilført nye oppgåver. Dette framlegget fekk tolv røyster og fall.

Då framlegget fall, stilte ni av dei ti representantane frå Senterpartiet seg bak punkt to i tilrådinga frå fylkesutvalet, som seier ja til samanslåing dersom det vert ei nasjonal regionreform . Dette punktet vart vedteke med 28 mot tre røyster. SV og Miljøpartiet Dei Grøne stemde mot.

Vil ha folkerøysting

Stein Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) fremja forslag om å utsetje saka om regionreforma til ein har fått svar frå staten om overføring av oppgåver og mynde – og til etter det er gjennom ført ei folkerøysting om saka.

Dette framlegget fekk ei røyst og fall.

Protokoll frå møtet i fylkestinget 2. februar.

Sjå opptak av møtet i fylkestinget 2. februar.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Les meir om arbeidet med regionreforma.

Heile fylkestingsvedtaket

1. Om den nasjonale regionreforma får som utfall at tal fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, vil fylkestinget at Sogn og Fjord ane held fram og vert vidareutvikla som eige fylke/eigen region frå 2020.

2. Om Stortinget vedtek ei nasjonal regionreform som reduserer tal fylke/regionar til om lag 10, og legg til rette for styrking og overfører makt og oppgåver/funksjonar til det regionale folkevalde nivået, søkjer fylkestinget – i samsvar med inndelingslova – om at Sogn og Fjordane og Hordaland vert slegne saman til ein ny, folkevald region frå 2020 – Vestlandet/Vestlandsregionen. Fylkestinget legg til grunn at fylkestinget i Hordaland søkjer tilsvarande. Fylkestinget legg i dette tilfelle den framforhandla intensjonsplanen av 17.01.17 til grunn som rammeverk for Vestlandet/Vestlandsregionen, med følgjande presiseringar:

a) Den framtidige administrasjons - og tenestestrukturen i den nye regionen skal byggje på desentralisering, maktspreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Tilsette skal gjennom ein brukarnær og desentralisert struktur kunne utføre oppgåver innanfor alle sentrale fagområde og sektorar, sjølv om dei ikkje arbeider der den administrative leiinga har hovudsete. Ved framtidig rekruttering skal dette prinsippet stå sentralt.

b) Ekspertutvalet, som skal opprettast i samband med regionreforma, må leggje til rette for at Stortinget kan overføre nye og viktige oppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå. Fylkeskommunane må vere godt representerte i ekspertutvalet.

c) Dersom nye folkevalde regionar får svært ulikt innbyggjartal, må Stortinget vurdere å fråvike generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom forvaltnings nivåa.

d) Det nye fylkesmannsembetet må få ei organisering og regional inndeling som samsvarer med det folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Det vert òg lagt til grunn at embetet skal ha ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, i vår tilfelle med leiing frå Sogn og Fjordane.

e) Fylkestinget stiller seg positiv til at kommunar i Rogaland og Møre og Romsdal, som eventuelt ønskjer å bli ein del av den nye folkevalde regionen på Vestlandet, søkjer om dette.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Ole I. Gjerald
ole.inge.gjerald@sfj.no
408 57 025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713