Foto av dei nye setlane som kom i 2017. Hundrelappen er i framgrunnen, men vi ser også dei andre valørane.
Foto av dei nye setlane som kom i 2017. Hundrelappen er i framgrunnen, men vi ser også dei andre valørane.

Foto: Norges Bank

Fylkestinget løyver 14,2 millionar til breiband

Fylkespolitikarane avslutta møtet i Loen 8. oktober med å vedta ekstraløyvingar til blant anna breiband, fartøyvern, Årdal Teknologipark og eit reiselivsprosjekt i Fjærland.

Ekstraløyvingane kom i handsaminga av tertialrapporten, som syner at Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit mindreforbruk på 57,5 mill. kr i høve budsjettet for 2019. Dette skuldast i hovudsak eit høgare utbyte frå Sogn og Fjordane Holding AS enn det som var lagt til grunn i budsjettet.

Fylkespolitikarane hadde såleis noko handlingsrom til å løyve pengar til ulike føremål, og løyvingar vart gitt til blant anna desse tiltaka og satsingane:

  • Ulike breibandprosjekt i fylket: 14,2 mill. kr
  • Årdal Teknologipark AS: 12,5 mill. kr
  • Fjordsenteret Marheim i Fjærland: 2 mill. kr
  • Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS: 2 mill. kr
  • Fartøyvern: 0,5 mill. kr

Fylkestinget sette også av 18 mill. kr til ev. auka kostnadar som Sogn og Fjordane Teater får ved leige av areal i nytt «Nynorskhus» i Førde. Vidare vart det sett av 7 mill. kr til skadefond for fylkesvegnettet.

Heile vedtaket finn du i saksprotokollen for sak 2/19 om tertialrapporten.

Du kan sjå opptak av handsaminga av saka her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut