Fylkestinget gjekk gjennom fylkeskommunale eigarskap

Fylkestinget vil vidareføre eigarskapa i alle selskap der fylkeskommunen er medeigar. Fylkestinget ber også styret i Fjord1 setje i verk naudsynte tiltak for å få monaleg betre resultat i 2013 enn i 2012.

Fylkeskommunen lagar kvart år ei eigarmelding med oversikt over fylkeskommunale eigarskap. Fylkestinget handsama "Eigarmelding 2013" under fylkestingsmøtet 15. oktober.

Særskilde forventingar

Fylkestinget stiller særskilde forventingar til to av selskapa fylkeskommunen er med og eig. Dei ber styret i Fjord1 setje i verk naudsynte tiltak for å få monaleg betre resultat i 2013 enn i 2012. Fjord1 gjekk hadde i 2012 eit underskot på nær 100 millionar kroner.

Fylkestinget ber også styret i Opplæringsfartøy AS arbeide for at drifta vert tilpassa inntektene.

Vidarefører eigarskapa

Vidare gjekk fylkestinget for å vidareføre alle eigarskapa fylkeskommunen har i dag. Eigarskapet i desse tre vert vidareført med formuleringa inntil vidare: Sogn og Fjordane Revisjon IKS, Botnaneset Industriselskap AS, Opplæringsfartøy AS.

Høgre, Framstegspartiet og Venstre føreslo at eigarskapet i også desse selskapa skulle vidareførast inntil vidare: Fjord 1 via F1 Holding, Firda Billag, Lutelandet utvikling, Luna industrier. Dette forslaget fekk 16 røyster og vart ikkje vedteke.

Fylkestinget vedtok dermed å vidareføre eigarskapen i desse selskapa utan merknadar om kor lenge fylkeskommunen skal vere med på eigarsida: Trivselshagen IKS, VIGO IKS, Fjord1 AS via F1 Holding AS, Firda Billag AS, Firda Produkt AS, Fjord Invest Såkorn AS, Framtidsfylket AS, Gulen og Masfjorden AS, Innovasjon Norge, Kommunekraft AS, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane AS, Luna Industri AS, Lutelandet Utvikling AS, Njøs Næringsutvikling AS, Origod AS, Sandane Industri L/L, SFE AS, SF Holding AS, Sogn og Fjordane Teater L/L, Sogneprodukt AS.

Fylkeskommunen vil også halde fram eigarskapet i AS Norsk Fjordhestsenter og vil delta i den vidare strategiprosessen i selskapet.

Gjennomgang neste år

Fylkestinget vedtok i tillegg at fylkesutvalet skal organisere eit arbeid med gjennomgang av eigarstrategien til fylkeskommunen. Fylkestinget vil ha dette att som sak under fylkestinget i april 2014.

Les heile saksframlegget: 0037/13 - Eigarmelding 2013 – Fylkeskommunale eigarskap i selskap

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568