Alle deltakarane på fylkesting for ungdom 2019, fotografert på plenen utanfor Thon Hotel Jølster med Jølstravatnet i bakgrunnen.
Alle deltakarane på fylkesting for ungdom 2019, fotografert på plenen utanfor Thon Hotel Jølster med Jølstravatnet i bakgrunnen.

Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesting for ungdom

Fylkesting for ungdom (FFU) var det øvste talerøyret til ungdomen i Sogn og Fjordane. Tingsetet har vore arrangert ein gong i året og representantane har komme frå ungdomsråda, dei politiske ungdomspartia og dei fylkesdekkande ungdomsorganisasjonane. Fylkesting for ungdom vart avvikla 1. november 2019.

Representantane kan være mellom 13 og 23 år og vert valde av ungdomane i kommunen eller organisasjonen. Dette vert vanlegvis gjort gjennom elevråd, kommunestyre for ungdom o.l. Ungdomspolitisk utval (UPU) følgjer opp utvelgingsprosessen, og dei valde representantane vert kontaktpersonane til UPU i perioden mellom to fylkesting for ungdom.

FFU arbeider for interessene til ungdom i fylket og for å auke samfunnsengasjementet hjå ungdomen. Sakene til dagsorden ved FFU skal være regional- og/eller lokalpolitiske saker som fremjar interessene til ungdom.

Alle ungdomar i fylket i alderen 13–23 år kan ta opp saker til FFU. Sakene vert handsama av UPU, og dei må vere UPU i hende minst ein månad før tinget.

Fylkesting for ungdom vert halde ein gang i året. UPU set opp saksliste basert på innkomne saker, og saker det vil vere naturleg å ta opp.

 

Fylkesting for ungdom november 2019

 

Tidlegare fylkesting for ungdom

Rapportar frå fylkesting for ungdom

Vedtekter for fylkesting for ungdom

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Guro Høyvik
Seniorrådgjevar
Ungdomsdemokrati
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568