Fylkestinget fekk utdelt pc-ar

Alle fylkespolitikarane fekk utdelt politikar-pc etter møtet i fylkestinget 14. desember. Dette er eit viktig steg på vegen mot papirlaust fylkesting. Det første papirlause møtet i fylkestinget vert 31. januar.

Fylkestinget vedtok i april i år at alle politiske møte skal bli papirlause. Ordninga omfattar fylkestinget, fylkesutvalet, hovudutvala, trafikktryggingsutvalet og kontrollutvalet. Alle politikarane no har fått ein tablet-pc, og sakspapira til det neste fylkestinget i januar vert berre sende ut elektronisk.

Først ute med papirlause møte i alle politiske utval

Med nye pc-ar på pulten fekk fylkespolitikarane ei kort innføring i den elektroniske løysinga. IKT-tenesta i fylkeskommunen orienterte om korleis dei kan finne, lese og arbeide med sakspapir i verktyet OneNote. Politikarane vart også introduserte for e-postsystemet Outlook og samhandlingsverktyet Lync. Med dette kan dei ha elektroniske møte både i, og på tvers av, partigruppene.

Det blir meir opplæring i etterkant av fylkestinget i januar. Sogn og Fjordane fylkeskommune vert den første fylkeskommunen i landet som tek i bruk papirlause møte i alle politiske utval.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568