Fylkestinget feira 100 år med stemmerett for alle

Det var eit fullpakka program som møtte fylkestinget på museet i Movika i Førde. Og som seg hør og bør, alle som bidrog til programmet var kvinner.

Mange kvinnestemmer

For å nemne nokon stod Trude Skarvatun for velkomsten med lurspel, Elin Grytting song og Anna Avdem fortalde om utstillinga «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane». Eli Bjørhusdal snakka om bygdefeminisme og stemmerett, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes heldt appell.

Programmet viste fram ulike stemmer – og stemmer i vid forstand. Dette var for å vise at kvinner har ulike måtar å uttrykke seg på, og at dette er ein verdi vi skal vere bevisste på, og som ikkje er like sjølvsagt rundt om i verda.

Oppmoda til solidaritet

Fylkesordføraren merkte seg dette, og bad fylkestinget og dei andre frammøtte om å løfte blikket. Ho oppmoda til å sjå at det framleis finst millionar av menneske rundt om i verda som vågar livet sitt for å få lov å gje stemma si.

– Det finns millionar av menneske som aldri vil få oppleve den grunnleggande menneskeretten det er å vere eit fritt menneske med ei fri røyst. Det finns millionar av kvinner som ikkje får stemme fritt, men som må nytte den stemmesetelen som patriarken i huset vel for henne, sa fylkesordføraren.

Ho la til at vi i Noreg har eit stort og solidarisk ansvar for å føre vidare dei demokratiske verdiane, for fred, fridom, sosial tryggleik og berekraft for framtidige generasjonar.

For mange nyttar ikkje stemmeretten

Det var eit samrøystes norsk storting som 11. juni 1913 vedtok at det skulle vere allmenn stemmerett i Noreg. Vedtaket vart gjort utan debatt, men var eit resultat av ein politisk kamp som hadde gått føre seg i fleire tiår.

Noreg var ein av dei første suverene statane i verda som innførte stemmerett for alle. Fylkesordføraren uttrykte i appellen sin at uro over at mange no ikkje nyttar denne grunnleggjande retten.

– Stemmeretten er så sjølvsagt at mange ikkje gidd å nytte han. Det er så sjølvsagt at altfor mange tykkjer det er meir bekvemt å sitje i sofaen og la andre bestemme for seg. Det tykkjer eg det er grunn til å reflektere over, sa Kjelsnes.

Appellen til fylkesordførar Åshild Kjelsnes

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568