Fylkesting for ungdom

Fylkesordføraren hadde ei helsing til Fylkesting for ungdom, laurdag 6. april på Skei. 

Fylkesting for ungdom 2019

Kjære ungdommar, kjære ungdomspolitikarar.

Takk for at eg er invitert hit til fylkesting for ungdom – ein viktig arena og det øvste talerøyret for ungdommen i Sogn og Fjordane. Det er alltid kjekt å møte politisk engasjerte ungdom, og få dykkars innspel på aktuelle saker. Den store saka som nok pregar kvardagen vår i størst grad, er nok framleis regionreforma. Samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til eit nytt vestlandsfylke er ein stor prosess, som preg i. Frå 1. januar til neste år er Sogn og Fjordane og Hordaland vorte nye Vestland fylke.

Målet er å bygge eit nytt vekstkraftig fylke med ei sterk stemme. Vi må bygge det nye vestlandsfylket betre saman med vegar, breiband og båt- og flyruter. Det vil gjere det lettare for næringslivet å skape arbeidsplassar og auke busettinga i fylka våre, som er så rike på naturresursar. Visjonen vår må vere eit nytt og livskraftig fylke på Vestlandet.  Vi i fylkeskommunen og som fylkespolitikarar skal gjere jobben vår, men Stortinget som har sett i gong reforma, lyt å syte for at det følgjer med midlar og oppgåver som syter for at det blir ei reel demokratireform. Ekspertutvalet la i fjor vår fram ein ambisiøs rapport med forslag om å flytte omfattande oppgåver frå regional stat til dei nye fylkeskommunane. Enda er det ikkje heilt klart kva oppgåver som faktisk vert overført, og vurderinga av oppgåvene har komme langt meir stykkevis og delt enn kva som var ynskjeleg frå vår side.

Som ein del av utviklinga av ein regional planstrategi har Fellesnemda hatt dialogmøter i Bergen, Voss, Gulen og Førde – det siste møtet er på Stord i Sunnhordaland. Eit føremål med møta er at folk kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utviklingsstrategi for fylket. Målgruppa har vore alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket. Kanskje har nokon her i salen òg vore på eit slikt møte? Nokre tema som har dukka opp på desse møta er:

  • Samhandling i sentrum
  • Skap suksess der du er
  • Infrastruktur og samferdsle
  • Bergen stiller opp for Vestland
  • Bygdene skal leve vidare
  • Frivillige organisasjonar (t.d. Raude Kors)
  • Det grøne skiftet
  • Vindkraft
  • Ungdom og skuleval

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i mange år satsa på vidaregåande opplæring. Dette har gjeve gode resultat. Vi ligg i landstoppen med høg gjennomføring, gode eksamensresultat og lågt fråvær. I Sogn og Fjordane har vi mange som søkjer seg til yrkesfag. Dette er viktig for å rekruttere arbeidskraft til næringslivet. Arbeidet med å sjå opplæring i skule og i bedrift i samanheng, ser ut til å gi fleire lærekontraktar. Vi må jobbe målretta og godt for at vi i nye Vestland kan oppretthalde eit like godt skuletilbod, og at vi i framtida får like gode skuleresultat.

Vi skal halde fast på grunnprinsippa for vår vidaregåande skule inn i Vestland fylke. Elevar og lærlingar skal møte ei opplæring av høg kvalitet, og eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Vi er allereie det fylket som har flest hybelbuarar (25%). Å oppretthalde skulestrukturen difor viktig. Samstundes treng vi nok søkarar og lærlingplassar for å oppretthalde utdanningstilboda. Eg er viss på at alle meiner det er viktig å satse på ungdommane, spesielt i eit fylke som har utfordringar med aldrande befolkning og fråflytting.

Den siste månaden har tusenvis av elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen over heile landet, demonstrert for eit betre klima. Det gjer inntrykk å sjå parolar som; «Det finst ingen plan B» og «Bruk hodet, vi har berre ein klode». Eit sterkt og ekte ungdomsengasjement for framtida. Dette må vi ta på alvor.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. Og vi som har ansvaret i fylkeskommunane kan gjere noko. Vi har ansvar for skulebussane, fylkesvegferjene, hurtigbåtane og snart elektrifisering av flyparken på kortbanenettet. Å redusere utsleppa må løysast ved å stille nasjonale krav, at fylkeskommunane brukar innkjøpsmakta og at det vert stimulert til forsking og utvikling. Det vil skape eit marknad og næringslivet vil drive fram den teknologiutviklinga og løysingar som trengs for å utvikle dei utsleppsfrie løysingane.  

På Vestlandet har vi den fornybare energien, fossekrafta og vindkrafta. Vi har skipsverfta som står klare å bygge utvikle teknologien og bygge fartøya. Dette vil gje vårt næringsliv internasjonale fortrinn og auka konkurransekraft.

Men omlegginga kostar. Vi veit at nye utsleppsfrie ferjer i Hordaland kostar fylket fleire hundre millionar. Våre hurtigbåtar skal ut på anbud i haust, og der kjem nye utgifter for Vestland fylke. Fylkeskommunen må få dekka dei utgiftene vi får ved å ta klimaansvar.

Det må ikkje bli neste generasjon som må betale prisen. Kutt i skular, rutetilbod og vegvedlikehald blir resultatet dersom ikkje fylkeskommunane får dekka kostnadene med miljøsatsinga. Vi treng ei klimavennleg omlegging, som kan vere både berekraftig, utvikle den nye teknologien og skape framtidas arbeidsplassar. Vi må lukkast både med eit grønt skifte og ein aktiv industripolitikk.  

Eg er så glad for å stå her i dag med unge, lovande og engasjerte unge menneske, og eg ser fram til å høyre kva de har å si.  Samfunnsengasjement i alle aldrar er viktig, og spesielt viktig hjå ungdommen. De er jo framtida vår!

Bruk denne moglegheita, og bruk Fylkestinget på godt vis, med gode politiske diskusjonar og mykje engasjement.

Lukke til desse to dagane, eg ser fram til å følgje med dykk vidare!