Ungdom frå heile fylket tek del på fylkesting for ungdom 2013. Bilete frå møtesalen der ungdomane diskuterer.
Ungdom frå heile fylket tek del på fylkesting for ungdom 2013. Bilete frå møtesalen der ungdomane diskuterer.

Foto: Jenny Magnusson/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesting for ungdom

1.–3. november er ungdomsdemokratiets helg i nye Vestland fylkeskommune.

Ungdommens fylkesutval Hordaland (UFU), ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane (UPU), Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til ungdommens fylkesting Hordaland, fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane og fylkesting for ungdom Vestland 1. til 3. november.

Ny start for ungdomsmedverknad

Frå og med 1. januar 2020 blir Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune Vestland fylkeskommune. Dette inneber at ungdommens fylkesting i Hordaland og fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane blir fylkesting for ungdom Vestland. 

I ny kommunelov som gjeld frå denne hausten er det lovfesta at det skal vere eit medverknadsorgan for ungdom og at ungdom skal ha ei tydeleg og reell påverknadskraft i fylket. Fylkesting for ungdom Vestland skal med bakgrunn i dette markere ein ny start for ungdomsmedverknad i Vestland. 

Stille til val og sende inn fråsegner

Gjennomføring

Dato: 1. til 3. november 2019.
Stad: Scandic hotell Kokstad, Bergen.

Arrangementet vil bli gjennomført slik:

1. Parallelle fylkesting for Sogn og Fjordane og Hordaland, fredag 1. november kl. 13.30 til 15.00.

  • Her skal ein avvikle dei eksisterande fylkestinga. Desse fylkestinga vert arrangert etter gjeldande vedtekter.
     
  • Ungdommens fylkesting Hordaland (UFT), fredag 1. november kl. 13:30 til 15:00:
    • Kvar kommune i Hordaland kan sende to delegatar.
    • Kommunane kan også melde på observatørar om dei ynskjer det. På grunn av avgrensa plassar vil påmelding for delegatar bli prioritert framfor observatørar.
    • Etter vedtektene for ungdommens fylkesting Hordaland delegat vere 14 til 20 år. Ein kan vere delegat frå og med det kalenderåret ein fyller 14 år, og til og med det året ein fyller 20 år.
       
  • Fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane (FFU), fredag 1. november kl. 13:30 til 15:00:
    • Kvar kommune i Sogn og Fjordane kan sende to delegatar og to observatørar. Dei mest folkerike kommunane kan sende fleire delegatar, j.f. § 4-1 i vedtektene for FFU. Desse kommunane kan sende følgjande tal delegatar totalt: Flora: 4, Førde: 4, Gloppen: 3, Luster: 3, Sogndal: 3, Stryn: 3, Vågsøy: 3, Årdal: 3. 
       
    • Politiske ungdomsparti og fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar kan sende to delegatar og to observatørar kvar, etter gjeldande vedtekter, til dette fylkestinget. 
       
    • Etter vedtektene for fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane skal ein delegat vere mellom 13 og 23 år og skal ha folkeregistrert adresse i Sogn og Fjordane fylke. Det same gjeld for observatørar.

 

2. Fylkesting for ungdom Vestland, fredag 1. november kl. 15.00 til søndag 3. november kl. 13.00.

  • Her legg ein til grunn det føreslegne reglementet for folkevalde organ i Vestland fylkeskommune. Reglementet er handsama av fellesnemnda i sak 44/2019 og skal handsamast av fylkestinget i Vestland 15. og 16. oktober 2019. Det er føreslått at fylkesting for ungdom Vestland skal ha ei samansetjing på 86 medlemer, med to representantar frå  alle kommunale ungdomsråd i fylket. Medlemane av fylkesting for ungdom skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år. Vi tek atterhald om eventuelle endringar i fylkestinget, og vil oppdatere straks dersom det vert endringar for fylkesting for ungdom.
     
  • Det vil seie at det berre er kommunane som kan sende delegatar til dette fylkestinget, to delegatar pr. kommune. Politiske ungdomsparti og fylkesdekkande ungdomsorganisasjon kan såleis ikkje sende delegatar og observatørar til fylkesting for ungdom Vestland. Dersom partia eller organisasjonane ynskjer det kan deltakarane deira vere gjestar på fylkesting for ungdom Vestland.
     
  • For dei kommunane i Sogn og Fjordane som kan sende fleire enn to delegatar til fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane betyr det at ein må peike ut kva delegatar som skal få endra status frå delegat til observatør til fylkesting for ungdom Vestland fredag ettermiddag, og kven som framleis skal vere delegatar. Dette skal registrerast i påmeldingsskjemaet. Dersom ein ynskjer det kan dei som ikkje vert med vidare som delegatar til fylkesting for ungdom Vestland berre delta på fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane fredag.  
     
  • Framlegg til eigne vedtekter for fylkesting for ungdom Vestland vil bli handsama under tingsetet. Sakliste med vedlegg vert lagt ut 14. dagar før tingsetet.

Program

Nyttige lenkjer

Påmelding, alternativ for deltaking og prisar

Tal delegatar og observatørar

Sjå informasjon under punktet gjennomføring.

Prisar, deltakarar frå kommunar

Kommunane dekkjer kostnadar for opphald og reise for sine deltakarar, og difor er det kommunen som må melde på deltakarar frå ungdomsråda. Fylkeskommunen sender ut faktura i etterkant av samlinga. Avmelding etter påmeldingsfristen blir fakturert fullt ut.

  • Deltek fredag til søndag; overnatting på tremannsrom inkl. lunsj og middag fredag, frukost, lunsj og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag: kr 2500.
  • Deltek på fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane fredag (kl. 13:30 til 15:00); inkl. lunsj, ikkje overnatting: kr 200.
  • Deltek på fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane fredag og overnattar til laurdag pga. lang reiseveg heim; overnatting på tremannsrom inkl. lunsj og middag fredag, frukost laurdag: kr 1000.
  • Ta kontakt dersom deltakaren ynskjer andre alternativ for overnatting, sjå kontaktinformasjon nedst i saka. Sjå også avsnittet "reise og opphald".


Prisar, deltakarar frå politiske ungdomsparti og fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar (gjeld fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane)

Politiske parti og fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonar dekkjer kostnadar for opphald og reise for sine deltakarar. Fylkeskommunen sender ut faktura i etterkant av samlinga. Avmelding etter påmeldingsfristen blir fakturert fullt ut.

  • Deltek på fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane fredag (kl. 13:30 til 15:00); inkl. lunsj, ikkje overnatting: kr 200.
  • Deltek på fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane fredag og overnattar til laurdag pga. lang reiseveg heim; overnatting på tremannsrom inkl. lunsj og middag fredag, frukost laurdag: kr 1000.
  • Deltek på fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane fredag og vert med som gjest på fylkesting for ungdom Vestland. Overnatting på tremannsrom inkl. lunsj og middag fredag, frukost, lunsj og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag: kr 2500.
  • Ta kontakt dersom deltakaren ynskjer andre alternativ for overnatting, sjå kontaktinformasjon nedst i saka. Sjå også avsnittet "reise og opphald".

Reise og opphald

Kommunane, partia og organisasjonene må organisere reise for sine deltakarar til og frå fylkesting for ungdom og dekkje kostnaden for desse.

Alle deltakarar skal i utgangspunktet dele rom med to andre deltakar, av same kjønn. Så langt som råd prøver vi å plassere deltakarane på rom med nokon dei kjenner frå før, og med nokon som er på om lag same alder. Dersom det er grunnar til at ein deltakar treng enkeltrom kan kommunen/partiet/organisasjonen eller deltakaren sjølv ta kontakt med fylkeskommunen for å avtale dette, sjå kontaktinformasjon nedst på sida. Det er eigne pristillegg for begge desse alternativa.

Dei sosiale aktivitetane på kvelden vert leia av ungdommens fylkesutval (UFU) og ungdomspolitisk utval (UPU). Målet er å få til eit godt fellesskap, som gjer det lettare for deltakarane å ta ordet i debattane. I tillegg er det å byggje nettverk på tvers av kommunegrensene og fylkesgrensa eit heilt sentralt mål med fylkesting for ungdom. UFU og UPU oppmodar alle deltakarane om å vere med på dei sosiale aktivitetane.

Til middagen laurdag kveld  er det fint om deltakarane stiller i fint antrekk. Vi oppmodar også dei som har mogelegheit til det om å ta med seg berbar PC til fylkestinga.

Samtykkeskjema

Alle deltakarar må fylle ut og signere eit eige samtykkeskjema for at dei skal få delta på fylkestinget. Dette i høve til reiseforsikring, reglar, særskilde omsyn og generell informasjon om fylkestinget. Dersom deltakaren er under 18 år må ein føresett signere skjemaet. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU. 

Du kan skanne eller ta bilde av skjemaet og sende som vedlegg til e- post, eller sende det som brev. Merk brevet med «Samtykkeskjema fylkesting for ungdom». Frist for innsending er 22. oktober 2019.

  • Hordaland: e- post: silje.lyngstad@hfk.no. Brev: Hordaland fylkeskommune v/ Silje Lyngstad, pb. 7900, 5020 BERGEN. 
     
  • Sogn og Fjordane: e- post: guro.hoyvik@sfj.no. Brev: Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Guro Høyvik, pb. 173, 6801 FØRDE.

Last ned skjemaet her, vel det filformatet du ynskjer ved å klikke på ikonet:

Ordensreglar

Fylkesting for ungdom er eitt rusfritt arrangement. Deltakarar som bryt dette kravet vert sende heim, på eiga rekning. Om dette gjeld ein person på under 18 år vil fylkeskommunen orientere føresette. Dersom ein på noko tidspunkt må forlate hotellet skal dette avtalast med ungdommens fylkesutval eller ungdomspolitisk utval på førehand, og ein skal gje beskjed når ein går og når ein kjem attende. Hærverk eller anna skade på hotellet sin eigedom går på eiga rekning. Alle deltakarar er pliktige til å stille presis til møtestart, også etter pausar. Delegatar skal ikkje reise heim før møteslutt, med mindre anna er avtalt.

Alle deltakarane er gjestar på Scandic hotell Kokstad, og skal følgje det reglementet som er der, m.a. med omsyn til nattero og branntryggleik. Av omsyn til andre gjestar på hotellet skal deltakarar på fylkestinget ikkje opphalde seg i gangane etter kl. 22:00. Det kjem til å være trådlaust internett på hotellet. Vi ser helst at mobilbruk føregår i pausane.

Kandidatar til Vestland ungdomsutval

Vestland ungdomsutval vert arbeidsorganet til fylkesting for ungdom Vestland. Det vil seie at dei skal følgje opp planar og vedtak frå fylkesting for ungdom Vestland. Utvalet vil bestå av 9 medlemer. Det skal og veljast sju varamedlemar, der dei tre første har møteplikt. Medlemene av Vestland  ungdomsutval skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år. Vestland ungdomsutval peikar sjølv ut leiar og  nestleiar som skal veljast ut mellom medlemene. Varamedlemer kan ikkje bli valt som leiar eller  nestleiar. Vestland ungdomsutval skal ha ein valperiode på inntil to år.

Delegatar/medlemmar på fylkesting for ungdom Vestland kan stille som kandidatar til Vestland ungdomsutval. Bruk skjemaet nedanfor for å melde deg som kandidat.

Melde inn saker

  • Ungdommens fylkesting Hordaland:
    Ungdomsråd og alle mellom 14 og 20 år i fylket kan melde inn saker til Ungdommens fylkesting Hordaland. Utsett frist for å sende inn saker: 11. oktober.
     
  • Fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane:
    Kommunane, dei politiske ungdomspartia og dei fylkesdekkande ungdomsorganisasjonane i Sogn og Fjordane kan melde inn saker til fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane. Sakene skal handsamast av ungdomspolitisk utval, utsett frist for å sende inn saker: 11. oktober. Alle ungdommar i fylket i alderen 13 til 23 år har også mogelegheit til å melde inn saker til fylkesting for ungdom. Sakene skal handsamast av ungdomspolitisk utval, utsett frist for å sende inn saker: 11. oktober. Ungdomspolitisk utval set opp alle slike saker på saklista under eit eige punkt. FFU handsamar slike saker om minst 1/3 av fylkesting for ungdom røyster for handsaming. Dersom fylkesting for ungdom vel å handsame ei slik sak er det UPU som legg fram saka, med forslag til vedtak. Saker skal sendast til: ungdomspolitiskutval@sfj.no.
     
  • Fylkesting for ungdom Vestland:
    Kommunane kan melde inn saker til fylkesting for ungdom Vestland. Utsett frist for innsending: 11. oktober. Saker skal sendast til: ungdomspolitiskutval@sfj.no eller oda.medhus@outlook.com.

Påmeldingsfrist

Frist for påmelding er 18. oktober 2019. (Utsett frist 23.10).

Påmeldingsskjema

Vel møtt til fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane, ungdommens fylkesting Hordaland og fylkesting for ungdom Vestland!

Meir informasjon

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.

Hordaland

  • Oda Medhus, leiar i ungdommens fylkesutval Hordaland. E- post: oda.medhus@outlook.com, mob. 954 24 228.
  • Silje Lyngstad, rådgjevar ved fylkessekretariatet, Hordaland fylkeskommune. E- post: silje.lyngstad@hfk.no, mob.928 65 813.

Sogn og Fjordane

  • Marthe Teigen Refsnes, leiar i ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane. E- post: ungdomspolitiskutval@sfj.no, mob. 415 48 481.
  • Guro Høyvik, seniorrådgjevar i nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune . E- post guro.hoyvik@sfj.no, mob. 415 30 608.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut