Alle deltakarane på fylkesting for ungdom 2018, fotografert på plenen utanfor Thon Hotel Jølster med Jølstravatnet i bakgrunnen.
Alle deltakarane på fylkesting for ungdom 2018, fotografert på plenen utanfor Thon Hotel Jølster med Jølstravatnet i bakgrunnen.

Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesting for ungdom 2019

Fylkesting for ungdom 2019 vert arrangert 5. til 7. april på Thon Hotel Jølster, Skei.

Fylkesting for ungdom (FFU) er ungdomen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. FFU skal arbeide for å ivareta ungdom sine interesser i fylket, for å auke samfunnsengasjementet hos ungdom og for å fremje ungdomsmedverknad. Tinget vert arrangert éin gong i året og representantane kjem frå ungdomsråda, dei politiske ungdomspartia og dei fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonane. Representantane kan vere mellom 13 og 23 år og vert valde av ungdomane i kommunen, partiet eller organisasjonen.

Fylkesting for ungdom vert arrangert av ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane (UPU) og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Saker, vedtekter og val

Alle ungdomar i fylket, i alderen mellom 13 og 23 år, kan ta opp saker til FFU. Sakene som vert meldt inn i forkant av tinget vert handsama av arbeidsorganet til FFU, ungdomspolitisk utval (UPU). Skal du melde inn ei sak på førehand må den sendast inn til UPU éin månad før tingsetet, 5 mars 2019. Saker kan sendast til ungdomspolitiskutval@sfj.no. UPU set opp saksliste basert på dei sakene som er komme inn og saker det vil vere naturleg å ta opp. Det er også mogleg å ta opp saker under den generelle politiske debatten på tinget.

Dei som er innkalla til FFU (kommunane, politiske ungdomsparti, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og ungdomspolitisk utval) kan sende framlegg til endring av vedtektene. Framlegget må vere sendt inn minst 14 dagar før fylkesting for ungdom. Det er også mogeleg for delegatar og observatørar sende inn framlegg til endring av vedtektene til uttalenemnda under fylkesting for ungdom, innan den fristen som gjeld for innsending av forslag til uttalenemnda.

Medlemmar til ungdomspolitisk utval vert valde blant delegatane og observatørane på fylkesting for ungdom. Det er mogeleg å stille til val ved å nominere seg sjølv eller andre i forkant av og undervegs på tinget. Sjå også § 5-4 i vedtektene for FFU.

Program

Fylkesting for ungdom skal vere på Thon Hotel Jølster, Skei i Jølster, frå fredag 5. til søndag 7. april 2018.  Start fredag kl. 18:00 (registrering frå 17:45), avslutting med lunsj kl. 12.30 – 13.30 søndag. 

I hovudsak vil alle fylkesting for ungdom innehalde ein gruppediskusjon om eit aktuelt tema, der berre delegatane som deltek på FFU får høve til å tale. Etter dette følgjer ein generell politisk debatt. Delegatane på tinget avgjer sjølv kva saker dei ynskjer å ta opp, men UPU meiner ein helst bør drøfte saker på regionalt nivå. Det vil seie saker som dei fleste deltakarane på tinget kan få høve til å diskutere, utan at dei er for lokale. Det vert også ein spørjetime der delegatane og fylkespolitikarar kan stille spørsmål til kvar andre.

Ordensreglar

Arrangementet er rusfritt. Dette gjeld for alle deltakarar, uavhengig av alder. Om ein deltakar bryt regelen om rusfritt arrangement vert hen/ho sendt heim, på eiga rekning. Dersom deltakaren er under 18 år vert føresette varsla av fylkeskommunen, som arrangør av fylkesting for ungdom. Alle deltakarar er gjestar på Thon Hotel Jølster, og skal fylgje det reglementet som er der, både med omsyn til nattero og branntryggleik.

Samtykkeskjema

Alle deltakarar må sende inn signert samtykkeskjema for at dei skal få delta på fylkesting for ungdom. Dette i høve til reiseforsikring, reglar, særskilde omsyn og generell informasjon om fylkestinget. Mindreårige deltakarar må ha signatur frå føresette. Også myndige deltakarar skal signere på skjemaet og stadfeste at dei er orientert om og godtek reglar og annan informasjon om FFU. Skjemaet må sendast inn innan 20. mars 2019.

Påmelding og praktisk informasjon

Tal delegatar og observatørar

Kommunane, dei politiske ungdomspartia og dei fylkesdekkande ungdomsorganisasjon kan sende to delegatar og to observatørar mellom 13 og 23 år. I tillegg kan dei mest folkerike kommunane sende fleire delegatar, j.f. vedtektene for FFU. Etter vedtektene for fylkesting for ungdom skal ein delegat eller observatør til FFU vere mellom 13 og 23 år og skal ha folkeregistrert adresse i Sogn og Fjordane fylke. På grunn av avgrensa plassar vil påmelding for delegatar bli prioritert framfor observatørar, men berre dersom det vert svært mange påmelde.

Påmelding og kostnader

Kostnadane for opphald og reise for delegatar og observatørar frå ungdomsråda vert dekka av kommunen, og difor er det kommunen som må melde dei på. Politiske parti og fylkesdekkjande ungdomsorganisasjonar melder på sine deltakarar sjølv, og dekkjer kostnadane for desse. Fylkeskommunen sender ut faktura i etterkant av samlinga. Avmelding etter påmeldingsfristen blir fakturert

Prisar

  • Deltek fredag til søndag; overnatting på dobbeltrom inkl. middag fredag, frukost, lunsj og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag: kr 2500.
  • Deltek laurdag, inkl. lunsj og middag, ikkje overnatting: kr 950.
  • Deltek søndag, inkl. lunsj: kr 550.

Reise og opphald

Kommunane, partia og organisasjonene må syte for transport for sine deltakarar til og frå fylkesting for ungdom. Alle bussruter finnast på www.kringom.no. På tinget vil det vere PC tilgjengeleg for å søkje opp bussruter og ein kan få hjelp til å finne det beste alternativet for heimreisa.

Alle deltakarar skal i utgangspunktet dele rom med ein annan deltakar av same kjønn. Så langt som mogeleg plasserer vi deltakarane på rom med nokon dei kjenner frå før, og med nokon som er i om lag same alder. Dersom det er grunnar til at ein deltakar treng enkeltrom kan kommunen/partiet/ organisasjonen eller deltakaren sjølv ta kontakt med Guro Høyvik i fylkeskommunen for å avtale dette. Det kan då bli eit tillegg i prisen.

Dei sosiale aktivitetane på kvelden vert styrt av ungdomspolitisk utval (UPU). Målet er å få til eit godt fellesskap, som gjer det lettare for deltakarane å ta ordet i debattane. I tillegg er det å byggje nettverk på tvers av kommunegrensene eit heilt sentralt mål med FFU. UPU oppmodar alle deltakarane om å vere med på dei sosiale aktivitetane, men det er ikkje eit krav. Det vil vere alternative aktivitetar for dei som ikkje ynskjer å vere med på leikane.

Påmeldingsfrist

Frist for påmelding er 15. mars 2019.

Påmeldingsskjema

Meir informasjon

Guro Høyvik
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608 (993 65 299)

Kamilla Rivedal
leiar i ungdomspolitisk utval
ungdomspolitiskutval@sfj.no
482 81 461

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713