Fylkesspegelen er oppdatert med folkehelseprofilar

Folkehelseinstituttet har nyleg lagt ut folkehelseprofilar for alle kommunar i landet. Du finn no oppdaterte data for kvar kommune i Sogn og Fjordane i Fylkesspegelen.

Profilane gjev ein god indikasjon på folkehelsetilstanden i kommunane. Databasen er monaleg utvida i høve til dei tidlegare «Kommunehelseprofiler». Statistikken bør nyttast saman med anna informasjon, som data frå helse- og sosialtenestene i kommunane og lokale folkehelseundersøkingar.

Resultat frå ungdomsundersøking

Fylkesspegelen vil verte vidare oppdatert utover året. Fylkeskommunen sette i fjor haust i gang ei stor ungdomsundersøking. Resultata frå denne er venta å vere klare i mars og skal då inn i Fylkesspegelen.

Undersøkinga tok blant anna sikte på å finne ut korleis helse, livsstil og levekår er blant 6. og 8. klassingane i fylket. Desse skal følgjast opp med nye undersøkingar når dei er komne til 10. og 12. klasse.

Det er også venta at Folkehelseinstituttet legg ut folkehelseprofilar med samla oversikt for kvar fylkeskommune i mars i år.

Du finn folkehelseprofilane for alle kommunane ved å klikke deg inn på Statistikk på kommunenivå i Fylkesspegelen. Så klikkar du på aktuell kommune på kartet og finn stikkordet Folkehelseprofil.

For meir informasjon, ta kontakt med

Anne-Lene Norman
seniorrådgjevar folkehelse
telefon: 415 30 378
e-post: anne-lene.norman@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker